ID 2190 Kjøkkenassistent - Knutsaåsen omsorgssenter
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
kjøkkenmedarbeider, assistent, vikar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen.
Ved Knutsaåsen omsorgssenter arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette.
Det er ledig fast 30-40% stilling for assistent på kjøkkenet. Stillinga er organisert med dagvakter og arbeid kvar 3. helg.
Stillinga skal ein vera med å leggja til rette for god ernæring og positive matopplevingar for pasientane.
Me ønskjer ein person som:
- Har god ordenssans
- Kan jobbe etter hygieniske prinsipp i arbeidet på kjøkkenet
- Ha evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Har godt humør og positiv innstilling til arbeid og kollega er ein føresetnad
- Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar
Me kan tilby:
- Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø og god opplæring
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
- Bedriftshelseteneste
- Høgt fagleg nivå
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med:
Leiar for kjøkken Svein Håkon Johnsen tlf: 906 66 026, eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2655361
- Sist endret
10. juni 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3a172b8f-9d80-436c-b44d-6b2ca067dff6