Ønsker du å bli vår fastlege i 100 % stilling?
Beskrivelse
Da ein av våre dyktige fastleger går av med pensjon har vi behov for å tilsette fastlege frå 01.03.2021.
Vinstra legekontor har sju fastlegeheimlar og LIS1 lege. Vi har interkommunal kommuneoverlegeordning med
nabokommunar, i tillegg til eigen fast ansatt sjukeheimslege. Kontoret held til i nyoppussa og moderne lokal.
Kontoret har moderne utstyr og godt kvalifisert hjelpepersonell. System-X som journalsystem. Det er faste legemøter
kvar veke og elles eit godt samarbeid med øvrige kommunale tenester.
Næraste sjukehus er Lillehammer, litt over ein times kjøring unna.
Avlønings-/organiseringsform kan diskuterast. Det kan for eksempel vere aktuelt med såkalla nullavtale, evt 50 % privat heimel og 50 % fastløna stilling eller anna ordning (det kan og opnast opp for å kombinere med anna stilling). Legen som slutter har hatt eit listetak på inntil 800 pasientar.
Avhengig av avløningsform kan ein del av stillinga bli tilplikta kommunale oppgåver.
Det er pr. no tilplikta deltaking i legevaktordning med lokal legevakt for Nord-Fron og Sør-Fron kommunar på Vinstra på
dagtid fram til kl. 23 for ca. 9000 innbyggjarar - ca. 3 vakter i månaden. På natt er det legevakt på Lillehammer for ca. 60
000 innbyggjarar - ca. 3 - 4 vakter i halvåret.
Vi kan tilby
- Fleksibel arbeidstidsordning og praksisorganisering med stor friheit for organisering av eigen praksis.
- Interessant arbeidsmiljø med stor grad av tverrfagleg samarbeid med ulike fagtenester i kommunen.
- Kommunalt driftsansvar for lokalane og hjelpepersonell.
- Kommunen gir støtte til kurs og vidareutdanning.
- Kommunen kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og gjennomført LIS-1/turnusteneste.
- Gode samarbeidsevner.
- Interesse for allmennmedisin.
- Du beherskar norsk språk både munnleg og skriftleg.
Føresetnader / vilkår
Løn etter kvalifikasjonar, flyttegodtgjersle og svært gode pensjonsordningar i KLP.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.