Fagleiar i Bremanger kommune, for tida i tenesta for menneske med nedsett funksjonsevne i Open omsorg indre
Open omsorg indre, Bremanger kommune
Svelgen Panorama 1, 6723 Svelgen
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar
Antall stillinger
1
Vi har ledig ei 100% stilling som fagleiar i Bremanger kommune, for tida i tenesta for menneske med nedsette funksjonsevne i Open omsorg indre. Stillinga er ledig frå snarast eller frå 01.07.24.
Bremanger kommune søkjer ein engasjert og kompetent fagleiar til å leie og utvikle vår teneste i Open omsorg indre. Du vil få ei sentral rolle i å sikre god omsorg og livskvalitet for våre brukarar.
Arbeidsoppgåver
- Nært samarbeid med driftssjef i OOI og andre fagleiarar i Helse og Omsorg
- Leie og koordinere tenesta for menneske med nedsette funksjonsevne, inkludert heimetenestene og tilrettelegging av aktivitetar
- Moglegheit til å vere med i utviklingsarbeid
- Kartlegging av tenestebehov for den einskilde brukar
- Planleggje og følgje opp individuelle omsorgsplanar i samarbeid med brukarar, verge og pårørande
- Sikre at tenesta levere kvalitetsomsorg i tråd med gjeldande lover og foreskrifter
- Vere med å videreutvikle tenestene gjennom rettleiing og undervisning
- Tverrfagleg samarbeid
- Rekruttere, lære opp og følgje opp nytilsette
- Dagleg drift
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan helse- og sosialfag, gjerne med leiingserfaring. Minimum bachelorgrad
- Erfaring frå arbeid med menneske med nedsette funksjonsevne og/eller med psykiske lidingar, eit ønske men ikkje eit krav
- Evne til å leie og inspirere medarbeidarar
- Du har gjerne erfaring frå administrasjon og arbeidstidsplanlegging
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kunnskap om relevant lovgjeving og regelverk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert medarbeidar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter og vere ein lagspelar. I tillegg håpar vi du er løysningsorientert og ynskjer å vere med å videreutvikle tenestene våre. Serviceinnstilling, erfaring og personleg eignaheit vert vektlagt.Vi tilbyr
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Rekrutteringstiltak med høgare tariffløn opp til 10 års ansiennitet
- God pensjonsordning og heildøgns forsikring
- Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljøilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Svelgen Panorama 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4795180952
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2615278
- Sist endret
16. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e6e7acc23e6c40e590ecacaf8ccb6997