Sommarjobb på Porsangmoen
Forsvarsbygg i Finnmark treng sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift på Porsangmoen.
Det er strenge reglar for å kunne komme inn i leirane, og for å kunne tilsette vikarar må koronarestriksjonane vere oppheva til sommaren.
Vi vil tilsette 2-3 personar i inntil 5 veker kvar innanfor perioden veke 26-33. Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgaver
- Reingjering og filterskift på ventilasjonsanlegg
- Malearbeid
- Førefallande oppgåver
- Kabeltrekking/elektroarbeid
- Sommarvedlikehald på grøntanlegg og vegetasjonsrydding
Kven ser vi etter?
For å jobbe hos oss må du vere:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjoner
- Må vere fylt 16 år
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 280 640,- - 401 900,- i brutto årleg lønn i følge Statleg lønnsregulativ.Kontaktinformasjon
John Sigurd Hansen, Områdeleiar, 48176048Arbeidsstad
Porsangmoen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: ForsvarsbyggReferansenr.: 4775939335
Stillingsprosent: 100%
Sommerjobb
Startdato: 17.06.2024
Sluttdato: 10.08.2024
Søknadsfrist: 19.04.2024
Om bedriften
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.