Helsefagarbeidar - faste stillingar ved Vigra omsorgssenter
Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Reset 14, 6040 Vigra
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - faste stillingar ved Vigra omsorgssenter
Type ansettelse
Fast, deltid 75.%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Vi har ledig to faste stillingar som helsefagarbeidar i avdelingar for menneske med demenssjukdom ved Vigra omsorgssenter. Stillingsstorleiken er 75 % og 52 %, og begge stillingane er ledige frå snarast. Skriv kva stilling som er aktuell for deg i søknaden.
Begge stillingane inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg, men dersom det er ønskjeleg kan 4. kvar helg med langvakter bli vurdert.
Vi søkjer engasjerte helsefagarbeidarar med fokus på god og trygg pasientbehandling.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Vanlege oppgåver i avdelingar med heildøgns pleie-og omsorgstilbod til menneske med demenssjukdom.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
- God digital kompetanse.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Det er ønskjeleg med sertifikat for bil.
Personlege eigenskapar
- Interesse for demensomsorg og liknande diagnosar.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Helen Gjerde, nestleiar, 90249808Randi Helen Holmen, avdelingsleiar Reset bufellesskap, 91875720
Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034
Nina Skjong, einingsleiar, 90251630
Arbeidsstad
Reset 146040 Vigra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4783402730
Stillingsprosent: 75, 52%
Fast
Søknadsfrist: 02.04.2024
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Nettsted
www.giske.kommune.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2592215
- Sist endret
3. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
54cd9d3344ec4956bc507464dd5a8a01