Sjukepleiar med fagansvar
Org. nr: - Stillingsident: 4178003905 Presentasjon av stillingen:
Vil du vere med på å forme, utvikle og yte gode tenester i open omsorg? Me i open omsorg, søkjer etter deg som er engasjert, dedikert, og ønskjer å yte trygge og gode tenester med høg fagleg kvalitet for brukarane våre.
I arbeidet vårt, får du møte pasientar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får moglegheit til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Som sjukepleiar med fagansvar, samarbeidar du tett med einingsleiar og kreftkoordinator, samt øvrige kollegaer i tenesta. Du vil ha brukaroppfølging og oppgåver i heimesjukepleietenesta, samt avsatt tid til organisering av ressurser, fagleg utvikling, rettleiing, forbetring mv.
Arbeidsoppgåver
- Fremja fagleg utvikling og kompetanse i eininga
- Rettleie og informere brukarar/pårørande/kollegaer/studentar, praktisk og teoretisk
- Fremja arbeid med forbetring, kvalitet og pasienttryggleik
- Utarbeide, oppdatere og implementere prosedyrer
- Sjukepleiefaglege oppgåver, heilskapleg pleie, omsorg og behandling
- Bidra til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø, internt og eksternt
- Bidra i strategi- og målsettingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innafor relevante fagområde ei føremon
- Erfaring og interesse frå arbeid med eldre
- Gode kommunikasjonsevner, skrifteleg og munnleg
- Gode IT-kunnskaper
- Søkjar må ha førarkort, og kunne disponere eigen bil
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jrf lov om helsepersonell §20a
Utdanningsretning
- Medisin / Helse/ Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høgskule / Universitet
Personlege eigenskapar
- Fagleg trygg og stabil, med gode haldningar og verdiar som viser igjen i arbeidet
- Brennande engasjement for eininga og er fagleg nysgjerrig
- Trivast med bredde og utfordringar i arbeidsoppgåvene, tek initiativ og har god gjennomføringevne
- Omstillingsvilje, løysingsorientert og evnar å tenkje nytt
- God evne til å utvikle tjenesten i tråd med pasientenes behov
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Me tilbyr
- Stillingsbrøk: 100 %
- Dagtid med arbeid kvar 3.helg
- Løn etter kommunalt regulativ
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv, IA- verksemd
Kontaktinformasjon
Birthe Tveit, Einingsleiar open omsorg, 918 22 616, birthe.tveit@tysnes.kommune.no
Hildur Heie, Helse- og sosialsjef, 976 57 601, hildur.heie@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Open omsorg
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4178003905
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.