Tilkallingsvikarar i fellesfag og programfag
Volda vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Vevendelvegen 35, 6102 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar i fellesfag og programfag
Oppstart
27. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. mai
Volda vidaregåande skule søkjer etter tilkallingsvikarar i fellesfaga (norsk, engelsk, samfunnskunnskap, naturfag, framandspråk og matematikk) og i programfaga knytt til dei ulike utdanningsprogramma til skulen.
Skulen kan også ha behov for vikar i faget norsk for ein litt lengre periode, til medio juni 2025.
Volda vidaregåande skule har om lag 450 elevar og 80 tilsette, og held til i moderne og trivelege lokale. Skulen har utdanningsprogramma studiespesialisering, påbygg, musikk, dans og drama, medium og kommunikasjon og kunst, design og arkitektur.
For meir informasjon, sjå nettstaden vår volda.vgs.no.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell. Du må vere engasjerte og glad i å arbeide med ungdommar, og har utdanning og bakgrunn som er relevant i høve eitt eller fleire av tilboda skulen tilbyr.
Å ta oppdrag som tilkallingsvikar kan kanskje passe deg som er i deltidsjobb, er deltidsstudent eller er i ein situasjon der du har høve til meir kortvarige oppdrag. Skulen er også interessert i å kome i kontakt med til dømes pensjonerte lærarar eller andre med relevant bakgrunn, som kan tenke seg å ta oppdrag hos oss.
Arbeidsoppgåver- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervising i faga som du ev. vert tilsett i
- Delta i profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen
- Bidra i fag- og avdelingssamarbeid
- Delar av stillinga kan vere knytt til undervising av enkeltelevar/små grupper
Utlysingsteksten har lang søknadsfrist, men vi registrerer fortløpande innkomne søknader og tek kontakt med deg dersom vi har oppdrag som er aktuelle for deg med di utdanning eller bakgrunn.
Kvalifikasjonar
- Helst pedagogisk kompetanse og/eller undervisningserfaring frå vidaregåande opplæring
- God digital kompetanse og forståing
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk
- Kompetanse til å sikre læringsprogresjon for alle typar elevar gjennom tilpassa opplæring og variert vurderingspraksis
- Ein tydeleg klasseleiar som er bevisst rolla si som motivator og inspirator for elevane
- Formell undervisningskompetanse i dei aktuelle faga
Personlege eigenskapar
- Positivt og inkluderande elevsyn med stort engasjement for elevane sitt sosiale og faglege miljø
- God rollemodell
- God på relasjonsbygging og klasseleiing
- God fagleg formidlingsevne
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Strukturert og nøyaktig i læringsarbeidet
- Tilpassar opplæringa og ser elevane og deira moglegheiter
- Utviklingsorientert og med evne til å reflektere over og forbetre eiga undervisning
- Samarbeidsorientert og likar å jobbe i team med kollegaer
Vi tilbyr
- Gode fagmiljø med eleven og eleven si læring i sentrum
- Eit fagleg og pedagogisk profesjonsfellesskap der vi støttar kvarandre
- Eit inkluderande og nytenkande kollegium der du kan utvikle deg
- Gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Kristin Bakke Sæterås, Avdelingsleder, 91569705Arbeidsstad
Vevendelvegen 356102 VOLDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4910039242
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 27.01.2025
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 30.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Kristin Bakke Sæterås
Avdelingsleder
91569705
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skulen (volda.vgs.no)
Skulen har desse utdanningsprogramma:
- Studiespesialisering
- Medium og kommunikasjon
- Musikk, dans og drama
- Kunst, design og arkitektur
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Tilrettelagt klasse
Volda vgs. har om lag 440 elevar, 83 tilsette, derav 58 pedagogisk tilsette.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2851866
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7fe84690a62d46e9982170b38fee5969