Ergoterapeut
Ergo/fysio og friskliv, Vinje kommune
Vinjevegen 212, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut
Oppstart
16. desember 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. desember
Du som likar å jakte, fiske og drive med ulike friluftsaktivitetar
Du som trivst best i slalombakken, i langrennsløyper innover vidda eller på høge toppar
Du som blir lokka av det nære og trygge
Du som trivst i eit lokalmiljø der ting skjer
Du som vil få til noko
- Du kjem til å trivast her i Vinje!
Vinje kommune ser etter ein ny ergoterapeut til vår fagleg engasjerte og trivelege fysio-ergoterapi avdeling, da vår gode kollega skal ut i svangerskapspermisjon. Me er ei avdeling som set faglegheit og trivsel høgt! Hjå oss får du ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestene. Vinje kommune er positiv til kreative utviklings- og fornyingsidear, og du har store moglegheiter til å påverke arbeidskvardagen din.
Fysio- og ergoterapiavdelinga er organisert under verksemda helse og førebygging, saman med legekontor, helsestasjon- og skulehelsetenesta, kommunepsykolog og det interkommunale jordmorsamarbeidet. Avdelinga består i dag av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot.
Arbeidsoppgåver
- Førebyggjande og rehabiliterande tiltak ovanfor menneske i alle aldrar som har eller kan få vanskar med daglege aktivitetar, i eigen heim og i institusjon
- Tverrfagleg samarbeid, i tett kontakt med kommunens øvrige tenesteapparat
- Rettleiing og rådgjeving til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Kontakt med hjelpemiddelsentralen og ansvar for oppfylgjing, formidling og tilpassing av hjelpemiddel til kommunens brukarar
- Tilrettelegging av bustad og rettleiing for at brukar skal kunne bu lengst mogleg i eigen heim
- Lærings- og meistringskurs gjennom Frisklivssentralen
- Helsefremmande og førebyggjande arbeid i form av mellom anna inspirasjonsdagar og pårørandekurs
- Utvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ergoterapeut
- God digital kompetanse
- Førerkort klasse B
- God framstillingsevne i norsk, skriftleg og munnleg
Det er ynskjeleg med
- Veiledningskompetanse, individuelt og i gruppe
- Erfaring fra kommunehelsetenesta
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har fagleg engasjement og evne til å bidra i fagleg utvikling
- Du har godt humør, likar utfordringar og er løysningsorientert
- Du er fleksibel og omstillingsdyktig
- Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
Vi tilbyr
- Særs gode kollegaer
- Eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer
- Rom for fagleg utvikling
- Løn etter lokal tariff, i tillegg til rekrutteringstillegg og tillegg for pasientretta arbeid
- Bilgjodtgjersle for å bruke privat bil i tenesta
- Gratis skulemat
- Gratis SFO 1.-3. klasse
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Me kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Elisabet Smalås Haagensen, Avdelingsleiar friskliv, fysio- og ergoterapitenesta, +47 40903666Arbeidsstad
Vinjevegen 2123890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4885489576
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 16.12.2024
Sluttdato: 25.10.2025
Søknadsfrist: 01.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Elisabet Smalås Haagensen
Avdelingsleiar friskliv, fysio- og ergoterapitenesta
+47 40903666
Om bedriften
Avdelinga for fysio -og ergoterapi består av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot. Det er mykje kompetanse i denne avdelinga, og ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø.
Avdelinga har eigen Frisklivssentral med tilbod til alle innbyggjarane i kommunen, der me legg særleg vekt på førebygging som helsefremmande tiltak. Me tilbyr ulike gruppetreningar og lærings -og meistringskurs.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2791523
- Hentet fra
talentech
- Referanse
25d8ea2829f047ce91eca8e318ca4a54