Vi søkjer sjukepleiar
Avdeling for rehabilitering, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
2. september 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100.%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Har du lyst på ein spennande jobb der du får hjelpe pasientar med å gjenvinne funksjon og meistre eige liv og kvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Avdeling for rehabilitering, Helse Fonna (Stord sjukehus) opprettar nye sjukepleiarstillingar i samband med utviding av tilbodet vårt innan spesilaisert rehabilitering. Rehabiliteringsposten skal auke frå 9 til 13 plassar for spesialisert døgnrehabilitering. Stillingane er ledige frå 2. september 2024.
Avdeling for rehabilitering gir spesialiserte rehabiliteringstenester til innbyggjarane i dei 17 kommunane som høyrer til Helse Fonna Helseføretak. Rehabiliteringsposten tilbyr utreiing og behandling til pasientar med ulike samansette funksjonsnedsettingar etter sjukdom/ skade. Hovudtyngda er akutt hjerneslag og annan nevrorehabilitering. Det kan bli aktuelt med andre pasientgrupper når vi utvidar tilbodet vårt, til døme amputasjonspasientar.
Desse sjukepleiarstillingane har anten todelt vaktplan med dag- og aftenvakter, eller berre nattevakter. For alle stillingane gjeld arbeid kvar tredje helg.
Stord kan by på koseleg småbyatmosfære, rikt idretts- og kulturliv og flott natur tett på sjø og fjell. Det er kort reiseveg til større byar som Bergen, Haugesund og Stavanger.
Rehabiliteringsposten er kjent for vårt gode arbeidsmiljø, og vi tar godt imot nye medarbeidarar. Velkommen til å søke på stilling hos oss!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging av rehabiliteringspasientane
- Fokus på trening i primær ADL, styrke pasienten si eiga meistring og deltaking
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Sjukepleiar er koordinator i tverrfagleg team rundt enkeltpasientar (jamfør Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator § 22)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Fordel med vidarutdanning i nevrosjukepleie eller rehabiliteringssjukepleie.
- Fordel med erfaring innan rehabilitering, og/ eller arbeid med hjerneslagpasientar
- Fordel med sjukehuserfaring/ erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Kommunikasjon er viktig i rehabilitering. Søkjar må kunne norsk språk godt, både munnleg og skriftleg. For søkjarar med anna morsmål, må ein ha bestått norsk språktest på B2 nivå.
- Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er motivert og har interesse for fagfeltet
- ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
- er både sølvstendig og arbeider godt i tverrfagleg team
- har god klinisk vurderingsevne
- bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande jobb
- Arbeid i lag med dyktige medarbeidarar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, Avdeling for rehabilitering, +47 4795234329Camilla Polden Aadland, Funksjonsleiar, Rehabiliteringspost, 53491015, camilla.polden.aadland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4809034326
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast
Startdato: 02.09.2024
Søknadsfrist: 20.05.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Camilla Polden Aadland
Funksjonsleiar, Rehabiliteringspost
53491015
Marianne Hollund Espeland
Avdelingsleiar, Avdeling for rehabilitering
+47 4795234329
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Nettsted
www.helse-fonna.no
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2644825
- Sist endret
7. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
227a07a054c3408ab51ba5b7d9543f6f