Fast 80% stilling som sjukepleiar - Bømlo bu og helsesenter
Ved Bømlo bu og helsesenter, avdeling for korttid og rehabilitering (KOR), er det frå snarast eller etter avtale ledig fast 80% sjukepleiarstilling. Avdelinga har 12 plassar, 5 rehabiliteringsplassar og 7 korttidsplassar. KOR har eit tett samarbeid med tenestekontor, Bømlo heimeteneste, fysio -- ergoterapitenesta og sjukehus. Det er ein aktiv avdeling, der det vert lagt stor vekt på tverrfagleg samarbeid, både eksternt og internt. Pasientane er inne for kortare periodar, for behandling, opptrening, kartlegging eller palliasjon.
Kvalifikasjoner:
- Bachelor i sjukepleie
Me søkjer deg som:
- har høge fagkunnskapar
- er fleksibel og sjølvstendig
- har gode samarbeids -- og kommunikasjonsevner.
- Me ynskjer ein god kollega som bidrar til eit godt og konstruktivt samarbeid, er raus og engasjert.
Me kan tilby:
- Ein aktiv avdeling/arbeidsplass med høg fagkompetanse, varierande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Løn - og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing Kontaktperson: Isabel Knutsen - 53 42 34 24