Vil du plukke jordbær i vakre Valldal?
I den grøderike landbruksbygda Valldal er det om lag 20 prodsentar av jordbær og bringebær. Dei treng ein god del plukkarar for å hauste bæra dei produserer.
Hovudsesongen i Valldal starter normalt i byrjinga av juli og varer i om lag fire veker.
Valldal ligg mellom Trollstigen og Geirangerfjorden på Nordvestlandet. Vertilhøva og jordsmonnet her gir eit uvanleg godt vekstgrunnlag for jordbær, bringebær, frukt og grønt.
Arbeidsoppgåver
- å plukke jordbær og bringebær i vakre omgjevnader
Du må
-
vere pliktoppfyllande og føreseieleg
-
vere arbeidssam og nøyaktig
-
ha stå-på-vilje
Vi tilbyr
Lønna består av ei lovpålagd tariff-festa minstelønn, men med høve til å tene meir etter plukkeinnsats