30% mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeidar
Ved Davik oppvekst avd. Kolset barnehage er der ledig ei 30% mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.08.24-31.07.25.
Davik oppvekst er eit oppvekstsenter med barne- og ungdomsskule. Driftseininga har 2 barnehagar - ei avdeling på Davik, og ei avdeling på Kolset for born i alderen 1 – 6 år. Personalet kan bli brukt fleksibelt mellom dei to avdelingane.
Barnehagen er i stadig utvikling – men ser det som viktig å halde på den gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi arbeider målretta i høve språk. Barnehagane i kommunen har eit tett samarbeid med felles kommunale tiltaksmodellar innan PALS og Beste praksis. I fellesskap har vi fokus på å skape eit trygt og godt barnehagemiljø og arbeidar systematisk med å heve kompetansen på dette.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
- Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Godkjent fagbrev
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
- Gode norsk-kunnskaper
Andre med relevant erfaring kan også søkje.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
- God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
- Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Helge Bakke, Driftssjef, +47 95985264Arbeidsstad
Sørsida 256734 Rugsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4795104754
Stillingsprosent: 30%
Vikar
Søknadsfrist: 05.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no