HR Advisor
Org. nr: - Stillingsident: 4262714318 Presentasjon av stillingen:
HR/QHSE-avdelinga ved Ulstein Verft AS søkjer etter ein arbeidsglad og initiativrik HR Advisor som ønsker å vere ein del av vårt fagleg sterke HR-team.
Arbeidsoppgåver
- Rekrutterings- og opplæringsprosessar
- Planlegging og gjennomføring av medarbeidaraktivitetar
- HR-administrasjon, t.d. utarbeiding av rutiner, kontraktar og personalarkiv
- Rettleie leiarar og tilsette i HR-faglege spørsmål og prosessar
- Organisasjonsutvikling og endringsprosessar
- Delta i HR-administrative prosjekt
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, minimum bachelor
- God systemforståing og IT-kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Erfaring frå liknande arbeid vil vere ein fordel
Utdanningsnivå
- Høgskule / Universitet, Hovudfag / Mastergrad
- Høgskule / Universitet, Diplom / Bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, muntleg og skriftleg
- Evne til å samarbeide med ulike delar av organisasjonen
- Strukturert og målretta
- Sjølvstendig og initiativrik
- God organisasjonsmessig forståelse
Vi tilbyr
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt og utviklande arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Konkurransedyktig løn
- Fleksitidsavtale
- Gode karrieremoglegheiter for den rette vedkomande
Kontaktinformasjon
Anna Louise Goksøyr, HR/QHSE Manager, 94 48 86 74
Arbeidsstad
Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein Group
Referansenr.:4262714318
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 09.08.2020
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.