Psykolog/Psykologspesialist (1196-2019-02) - Rogaland Arbeidsrådgivning
Org. nr: - Stillingsident: 4062006193 Presentasjon av stillingen:
NAV Arbeidsrådgivning har ledig eit vikariat på 100% stilling som psykolog/psykologspesialist. Vikariatet har varigheit på eitt år, med ynskje om snarleg oppstart.
NAV Rogaland brenn for at menneske skal få realisera sitt potensiale. Deltaking på arbeidsmarknaden ser me i den samanheng som viktig. NAV Arbeidsrådgjeving Rogaland er ei spesialeining i NAV som skal gi støtte til NAV-kontora med utgreiing og rettleiing av personar som har hindringar for deltaking i arbeidslivet på grunn av helse eller andre forhold.
NAV Arbeidsrådgjeving er ei fagstøtte for dei lokale NAV-kontora i fylket, og skal yte tenester til brukarar med behov for støtte ut over det lokalkontora ordinært kan imøtekoma. Kontoret skal og bidra til kompetansebygging i NAV gjennom rettleiing og rådgjeving til tilsette i NAV.
NAV Rogaland har eit sterkt og voksande psykologfagleg miljø med 4 tilsette psykologar. Desse jobbar tverrfagleg saman med legar og rådgjevarar. Oppgåvene vil medføra reising i fylket til dei ulike NAV-kontora.
Arbeidsoppgaver
¿ Samtale, utgreiing og rettleiing av brukarar som er tilvist frå NAV-kontor
¿ Kartlegging av til dømes kognitive funksjonar, personlege eigenskapar og screening av psykiske symptom
¿ Rettleiing og rådgjeving i drøftingar med NAV-rettleiarar
¿ Delta i opplæring av tilsette i NAV
Kvalifikasjoner
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Har god kommunikasjons- og samarbeidsevne
Personlige Egenskaper
¿ Engasjement og initiativ
¿ Gode servicehaldningar og kommunikasjonsevner
¿ Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig
¿ Erfaring frå utgreiingsarbeid
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
¿ Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan et viktig samfunnsområde
¿ Aktive og engasjerte kollegaer
¿ Lønn som Psykolog i kode 0794 /0795 ft. kr. 555 100 ¿ 607 700 pr. år
eventuelt lønn som Psykologspesialist i kode 1304 ft. kr. 607.700 ¿ 682 200 pr. år
¿ God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna vert det trekt 2 %)
NAV er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss uansett alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. NAV er IA-verksemd, og vi vil leggja forholda til rette for søkarar med redusert funksjonsevne.
Har du spørsmål om stillinga så ta kontakt med leiar Trond Nessa telefon 907 52 444.
Søknad og CV skal sendast via lenka nedanfor. Vi gjer merksam på at CV vert nytta i utvida søkarliste. Vitnemål og attester kan takast med på eit eventuelt intervju.
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentlig søkarliste, må du opplysas om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentliggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert fulgt.
Andre opplysninger
Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Trond Nessa
Arbeidssted
Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:NAV
Ref. nr.:4062006193
Stillingsbrøk: 100%%
Vikariat
Startdato: 03.06.2019
Sluttdato: 31.05.2020
Antall stillinger: 1
Søknadsfrist: 22.05.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4062006193&company_id=2806506060&culture_id=NB-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
NAV leverer arbeids- og velferdstjenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidere fordelt over hele landet. NAV skal gi mennesker muligheter, og vårt hovedmål er å få flere i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ønsker meningsfulle og varierte arbeidsoppgaver
Vi ønsker en arbeidsplass preget av mangfold, og oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke jobb hos oss. NAV er IA-virksomhet og vi legger vekt på å tilrettelegge arbeidsforholdene dersom du har behov for dette