Kundekonsulent
Luster Energiverk søker ein positiv, effektiv og resultatorientert person til stillinga som kundekonsulent. Sentrale oppgåver vil vera kundeservice, fakturering, arkiv og lønnskøyring. Me ser etter ein strukturert og sjølvstendig medarbeidar med gode samarbeidsevner som ynskjer fagleg og personleg utvikling i eit interessant miljø.
Ønskte kvalifikasjonar:
• Relevant utdanning og/eller erfaring innan økonomi og administrasjon
• Gode IT-kunnskapar, herunder interesse og eventuelt erfaring frå avansert bruk av MS
Office-produkt, Elwin kundeinformasjonssystem og UniMicro økonomisystem
Selskapet tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar. Nærare opplysningar om stillingen kan du få ved å ta kontakt med Gerd Westby Haugen på telefon 975 24 993 eller Anders Molland på telefon 916 01 175.
Kortfatta søknad med CV må sendast til firmapost@lusterenergiverk.no innan 06.mars 2020 ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Om bedriften
Luster Energiverk AS er eit energiselskap som er lokalisert i Gaupne i Sogn og Fjordane og har 30 tilsette. Luster Energiverk driv kraftomsetning, nettenester, installasjonsverksemd og utleige av tenester innan småkraft.