Undervisningsinspektør ved Ålvundfjord skule fra september 2019
Generelt
Ålvundfjord skule har hausten 2019 knapt 70 elevar, men elevtalet er aukande dei komande åra.
Inpektør og rektor utgjer leiinga ved skulen med leiingsressurs på 120%.
Til inspektørstillinga er og lagt rolle som sosiallærar.
Sunndal kommune er organisert i ein tenestemodell der staben i grunnskuletenesta er sett saman av skulesjef og rådgjevarar. Rektor rapporterer til skulesjefen, som har overordna budsjett- og økonomiansvar.
I tillegg har grunnskulane ei felles pedagogisk rettleiingsteneste med logoped, IT-ansvarleg og sosialpedagogisk rådgjevar.
Kvalifikasjoner
Då det vil ligge undervisning til stillinga, søkjer vi lærar med formell kompetanse for å undervise på 1. til 7. årstrinn.
I tillegg er det ønskeleg med sosialpedagogisk kompetanse, men realkompetanse kan vege opp for manglande formalkompetanse.
Ut over formell kompetanse vektlegger vi at ein er personleg eigna, har interesse for og tidlegare erfaring med leiing og skulefagleg utviklingsarbeid.
Det er viktig med god kjennskap til læreplaner og lovverk om skule og skuledrift.
Vi tilbyr
Løn etter avtale.
Arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, føresegner og regelverk.
Annet
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Ved tilsetting skal det leverast politiattest.
Fast tilsetting i Sunndal kommune skjer med prøvetid i 6 månader.
Om bedriften
Sunndal kommune ligger på Nordmøre I Møre og Romsdal fylke, og er den største kommunen i fylket i utstrekning, omgitt av to av Norges mest kjente fjellområder, Dovrefjell - Sunndalsfjella Nasjonalpark og Trollheimen. Sunndal kommune har ca. 7200 innbyggere hvorav i overkant av 4000 bor på Sunndalsøra, som også er kommunens administrasjonssentrum. Sunndal kommune er en sterk og god kommune. Kommunen har om lag 800 ansatte, en velordnet økonomi, og gode tilbud innen både offentlig og privat tjenesteyting. Kommunen har et næringsliv med særlig høy kompetanse innenfor metallurgi, akvakultur, elektronikk og datateknologi. Kommunen er også kjent for et yrende kulturliv og gode fritidstilbud.