Vil du vere pedagogisk medhjelpar på Loar skule?
Vil du vere pedagogisk medhjelpar på Loar skule?
Loar skule er plassert midt i den idylliske nasjonalparklandsbyen Lom, rett under Lomseggen, og har eit allsidig og godt tilrettelagt uteområde som saman med nærmiljøet set gode rammer for aktiv læring ute.
Loar skule har gode resultat både når det gjeld trivsel og læringsutbytte, vi arbeider mykje og målretta med skulemiljø, og vi har fokus på eit godt skule-heim samarbeid. Det er 1:1 iPad til alle elevar og tilsette. Framover vil "Oppvekstreform" og "Kompetanseløftet for spesialundervisning og inkluderande praksis" med "laget rundt barnet" vere førande for utviklinga. Vi søker pedagogisk medhjelpar som vil vere med og vidareutvikle Lomsskulen.
Vår visjon er: "Vi ynskjer ein skule med aktive elevar i ei vid tyding av omgrepet. Vi ynskjer ein skule som er ein trygg plass for elevane, der vi har tilfredse, aktive og engasjerte elevar gjennom variert undervisning og elevmedverknad. Vi er opptekne av å utvikle elevar som er aktive i si eiga læring, som lærer seg å vere kritiske og nysgjerrige i læringa si, som erfarer gjennom læringsprosessane, som stadig utviklar kompetanse om korleis dei lærer best, og som er i progresjon med tanke på å kunne ta eigne val basert på kunnskap om eiga læring. Det er viktig for oss at vi lettare skal kunne drive tilpassa opplæring gjennom å ha undervisningsopplegg som gjev elevane ulike valmoglegheiter ut frå ferdigheiter og kompetanse."
Vi søker deg som
- er engasjert og omgjengeleg
- er autoritativ i møte med elevar
- er fagleg oppdatert
- evnar å sjå enkelteleven
- er kontaktskapande, trygg i støtte av elevar og tydeleg i kommunikasjon
- kan reflektere over og forbetre eigen praksis
- initiativrik, gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- lagspelar som er engasjert og motivert
- kreativ og nytenkjande
Arbeidsoppgåver
- Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
- Følgje opp sårbare elevar og grupper av elevar med ulike behov gjennom skuledagen og på SFO
- Analysere, kartlegge og følgje opp elevane si læring og meistring av skulekvardagen
- Bistå elevar i læringssituasjonar med fokus på motivasjon og meistring
- Samarbeide med kollegaer i team, på skulen og SFO
- Kommunisere med føresette
Ønska kvalifikasjonar
- Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
- God relasjonskompetanse og tydeleg gruppeleiing
- Ein bør ha erfaring og kunnskap kring uteskule og læringssituasjonar i nærmiljøet og naturen, og ein må vere innstilt på at ein del skuletid skjer i fysisk aktive situasjonar ute
- Bør ha erfaring med, og god kunnskap om bruk av læringsbrett i undervisninga
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Søkjarar må legge fram dokumentasjon som syner spesifisert fagkompetanse
Vi tilbyr
- godt lærings- og arbeidsmiljø
- vakre omgjevnader i ei fjellbygd med fantastiske moglegheiter for friluftsliv
- løn etter utdanning og ansiennitet
- obligatorisk tjenestepensjon
Om stillinga
- Minst 130 % vikariat
Vi legg vekt på at du må vere personleg eigna. Det er ønskjeleg at dei som søker set opp referanser i søknaden.
Søkjarliste vil bli offentleggjort. Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema.
Det er krav om politiattest for stillingar i skulen.
Ved spørsmål, ta kontakt med:
Solfrid Rindhølen, rektor ved Loar skule
Telefon: 902 29 795
E-post: solfrid.rindholen@lom.kommune.no
Søknadsfrist 07.04.24
Om bedriften
Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.
I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Noreg, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.
Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!