Faste fagarbeidarstillingar i Heimesjukepleia
Org. nr: 961 382 157 Stillingsident: 4237202002 Presentasjon av stillingen:
Heimesjukepleia i Vestre Slidre kommune har følgjande ledige stillingar for fagarbeidar:
- 51,92 % fast stilling ledig frå 01.09.20
- 51,84 % fast stilling ledig frå 01.09.20
- 24,56 % fast stilling ledig for oppstart no
Alle stillingane har arbeid kvar 3.helg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som relevant fagarbeidar (helsefag, omsorg eller hjelpepleiar)
- Ynskjeleg med erfaring innan kvardagsrehabilitering
- Førarkort klasse B og må kunne disponere eigen bil i arbeidet
- Gyldig politiattest må leverast
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner på tvers av faggrupper
- Fleksibel og løysingsorientert
Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- eit godt, triveleg og utfordrande arbeidsmiljø
- gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- god pensjonsordning
- løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig
av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov.
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at
namnet blir unnateke offentleg søkjarliste. Ønskje om å bli unnateke offentleg søkarliste må grunngjevast i
søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, 97592703, Hanne.Karstad@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidssted
Slidrevegen 16
2966 Slidre
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vestre Slidre kommune
Referansenr.:4237202002
Stillingsprosent: 51,92%
Fast
Startdato: 04.06.2020
Søknadsfrist: 04.06.2020
Om bedriften
Heimebaserte tenester består av heimesjukepleie, bemanna omsorgsbustadar for demente(Bergtun), helsetenester ved Vestoppland fengsel, avdelinging Slidreøya og praktisk bistand. Heimetenesta i Vestre Slidre kommune har administrasjon på Sjukeheimen i Slidre. Heimetenesta dekker områda Lomen, Slidre og Røn, samt kommunens aktive hytte- og stølsområder heile året.
Vestre Slidre er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres. Kommunen er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule i kommunen og vi har full barnehagedekning. Kommunen har eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett. Vestre Slidre ligg vakkert til nær Jotunheimen. Det ligg til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.