Overlege, spesialist i psykiatri Regional avdeling spiseforstyrringar
Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege, spesialist i psykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern. Tre avdelingar er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling. To avdelingar er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Regional avdeling spiseforstyrringar.
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet. Som overlege ved RAS vil du primært ha behandlingsansvar for pasientar i sengepost. Du vil jobbe tett med eit høgspesialisert fagleg team saman med psykologspesialistar, psykologar, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og sjukepleiarar/psykiatriske sjukepleiarar. Teamet har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest.
RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt ein spesialistpoliklinikk. I tillegg har vi eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge.
RAS har ledig vikariat frå 01.12.2024 til 31.01.2026. Stillinga vert lyst ut som fast stilling i Psykiatrisk klinikk, med tenestestad ved RAS i perioden vikariatet varer.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering av pasientar knytta til avdelinga
- Behandlingsansvar, planlegging og gjennomføring av behandling
- Deltaking i tverrfagleg team, inkludert Responsteam
- Samarbeid med lokale behandlingsteam for å sikre gode pasientforløp
- Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt i Helse Vest
- Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
- Rettleiing av LIS
Kvalifikasjonar
- Godkjend spesialist i vaksenpsykiatri, eller erfaren LIS som snart er godkjend spesialist i vaksenpsykiatri
- Det er i tillegg ønskeleg med spesialitet innan barne- og ungdomspsykiatri
- Det er ein fordel med erfaring frå behandling av pasientar med spiseforstyrringar
- Søkar må mestre norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftleg
- Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du er motivert, fleksibel og løysingsorientert
- Du trivast med å jobbe i tverrfagleg team
- Du har gode evne til kommunikasjon og samarbeid
- Du bidrar aktivt til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna
Vi tilbyr
- Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
- Høgt fagleg nivå
- Anledning til forsking
- Deltaking i kompetansehevingsprogram inkludert deltaking i internasjonalt samarbeid på fagfeltet
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Signe Haugen, Avdelingssjef, 55976822, sign@ihelse.netArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4855892620
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2786476
- Hentet fra
talentech
- Referanse
358e3ffc93634d4fa2a1bd5d6ba750d5