Overlege - spesialist i nyresjukdomar
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 2, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege - spesialist i nyresjukdomar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. mars
Midt mellom fjord og fjell, i eit flunkande nytt sjukehus på Hjelset (Sykehuset Nordmøre og Romsdal – SNR), berre 15 minutt frå Molde sentrum, søkjer vi ein spesialist i nyresjukdommar til fast stilling.
I april 2025 blir sjukehusa i Kristiansund og Molde slått saman til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Vi samlar då to medisinske legeseksjonar med sterke faglege tradisjonar, høgt fokus på utdanning og eit spesielt godt arbeidsmiljø. Vi har spesialistar innan alle indremedisinske fag og mål om å ha LIS3 i utdanning innan samtlige fag innan kort tid. Totalt vil seksjonen bestå av over 55 LIS og legar.
Avdelinga har fagseksjonerte sengepostar og fagspesifikke poliklinikkar, inkludert dialyseeining både ved SNR Hjelset og som ein satellitt ved SNR dag-eining i Kristiansund.
Vi har ambisjonar om å bli ei av Noregs mest framtidsretta og beste indremedisinske avdelingar, både fagleg og sosialt. Per i dag har vi ein nefrolog i 100 % stilling, ein i 20 % stilling og ein LIS3 i nyresjukdommar, med plan om ytterlegare ein LIS3 i løpet av 2025. For å styrke fagmiljøet og utdanningskapasiteten ønskjer vi oss ein nefrolog til på laget!
Som overlege i nefrologi hos oss vil du arbeide med sengepost, indremedisinsk vakt, overoppsyn med dialysen og poliklinikk. Vi har også eit eige indremedisinsk intensivteam, der det er mogleg å delta om det er av interesse.
Arbeidsoppgåver
- Indremedisinsk vakt.
- Sengepostarbeid for nyremedisinske pasientar.
- Arbeid ved dialyseeining på SNR Hjelset, og eventuelt ved SNR Kristiansund etter avtale.
- Nyremedisinsk spesialistpoliklinikk.
- Supervisjon og rettleiing av LIS3 i nyresjukdommar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Spesialist i nefrologi.
- Må beherske eit skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Positiv og engasjert.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Jobbar godt både sjølvstendig og i team.
- Opptatt av evidensbasert medisin og kontinuerleg fagleg utvikling.
- Strukturert og fleksibel.
- Aktiv deltakar i utviklinga av seksjonen og arbeidsmiljøet.
- Svolten på ny kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- Ei unik moglegheit til å jobbe med nefrologifaget i eit passe stort sjukehus der du ikkje druknar i mengda, men får påverke både dagleg drift og fagleg utvikling.
- Eit spesielt godt arbeidsmiljø og ein triveleg arbeidskvardag med høgt fagleg fokus.
- Ein inkluderande arbeidsplass.
- Løn etter gjeldande overeinskomst.
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.
- Rekrutteringstillegg med bindingstid
Kontaktinformasjon
Ida Camilla Monn Birkhaug, Seksjonsleder (lege), Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 26450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4904715975
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2861946
- Hentet fra
talentech
- Referanse
87e3833dd64340e48c518a5cb8a0b0f2