Vernepleiar/ergoterapeut
ARS - ÅRSTAD VGS, Vestland fylkeskommune
5824 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar
Oppstart
1. september 2024
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minorietsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/
Vi har ledig fast stilling som vernepleiar eller ergoterapeut på skulen si avdeling for tilrettelagt opplæring.
Arbeidsoppgåver
- Skape ein trygg skulekvardag for elevar med særskilte behov
- Hjelpe faglærarar i oppfølging av enkeltelevar
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar, sosial trening og fysisk aktivitet i samarbeid med faglærarane
- Følgje opp medisinske rutinar
Kvalifikasjonar
- Bachelorutdanning som vernepleiar eller ergoterapeut
- Kunnskap om og erfaring med igangsetting av tiltak basert på kartlegging
- Følgje opp medisinske rutinar
- Rettleiingskompetanse er ein fordel
- Erfaring frå arbeid med personar med samansette fysiske og psykisk utviklingshemmingar
- Erfaring med å utarbeide tiltak basert på kartlegging
- Vi oppmodar menn til å søkje
Personlege eigenskapar
- Vi vil vektleggje personlege eigenskapar til denne stillinga
- Du har gode kommunikasjons- og relasjonsevner
- Omsorgsfull, tolmodig, fleksibel og omstillingsdyktig
- Løysnings- og utviklingsorientert
- Fleksibel i forhold til variasjon i arbeidstid
Vi tilbyr
- Vi tilbyr eit godt fagmiljø med god samarbeidskultur med engasjert kollegaer
- Godt samarbeid med faglærere og deltagelse i pedagogisk utviklingsarbeid
- Arbeidstakar har ein arbeidsplan som følgjer skuleåret. Dette inneber reduksjon i årsløn i samsvar med særavtale SFS 2201, pkt. 3.5.
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar:
Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar
Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Kari Danielsen, rektor , 99479832Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4829008507
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 01.08.2024
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2692242
- Sist endret
2. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d49496d655d54be6b2ad71a602bd815b