Fagkonsulent/sjukepleiar 50% natt
Org. nr: - Stillingsident: 4138506617 Presentasjon av stillingen:
Klinikk for psykisk helse og rus - Avrusing rusbehandling TSB Ålesund.
Ledig fast 50% stilling som fagkonsulent - sjukepleiar frå 09.12.2019. Nattstilling med arbeid for tiden kvar 4. helg. Seksjon for Avrusing tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. Seksjonen er døgnbemanna. Fagmiljøet er tverrfagleg og inkluderer mellom anna psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver - medikamenthandtering
- Deltaking i miljøterapeutiske aktivitetar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Ønskjeleg med relevant erfaring
Personlege eigenskapar
- At ein er personleg eigna
- God skriftleg framstillingsevne
- Positiv, nytenkande og endringsorientert
- Sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team
- Fleksibel og kunne handtere hektiske arbeidsdagar
- Tydeleg kommunikasjon
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Fagdagar og internundervisning
- Aktivt arbeid for å ivareta godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV'en din.
Kontaktinformasjon
Line Olaisen, Teamkoordinator, 70171334, Line.Olaisen@helse-mr.no
Astrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, 70171389, Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.no
Arbeidsstad
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4138506617
Stillingsprosent: 50%
Startdato: 09.12.2019
Søknadsfrist: 03.11.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal