Vaktmeistar/driftsoperatør
Om stillinga/kvalifikasjonar
Det er ledig vikariat frå 1.6.2021 til 31.5.2022 som vaktmeistar /driftsoperatør i 60% stilling med moglegheit for forlenging.
Relevant utdanning (fagbrev) og/eller fagleg kompetanse/erfaring
Erfaring frå drift av offentlege bygg eller næringsbygg
Arbeidsoppgåver
Utvendig og innvendig vedlikehold av museet sine bygninger og anlegg
Ansvar for inne- og uteområder
Ansvar for alle tekniske installasjonar som brann- og alarmsystem, ventilasjon og heis
Vedlikehald av teknisk utstyr
Vere kontaktperson for serviceavtaler på teknisk utstyr
Brannansvarleg
Praktisk tilrettelegging og opprydding i samband med arrangement
Praktisk utstillingsarbeid
Andre oppgåver som naturleg vil falla innunder ansvarsområde som vaktmeister/driftsoperatør.
For stillinga gjeld
Samarbeid med ressurspersonar og andre institusjonar innanfor fagfeltet
Ta del i andre oppgåver i tråd med museet sine strategi- og handlingsplanar.
Evne til å arbeide sjølvstendig og effektiv
Vere handlekraftig og løysingsorientert
Har gode evner til kommunikasjon og samhandling
Noko reising må påreknast.
Førarkort er nødvendig
Personlege eigenskapar vert lagde vekt på
God datakompetanse
Anna
Løn etter avtale
God pensjonsordning gjennom KLP
Spørsmål til stillinga kan rettast til leiar for Setesdalsmuseet,
Leonhard Jansen telefon 926 33 740
eller lbj@setesdalsmuseet.no
Om bedriften
Vaktmeistar/driftsoperatør ved Setesdalsmuseet
Setesdalsmuseet vart stifta i 1938 som eit museum for dei tre øvste kommunane i Setesdal. Det er først og fremst eit kulturhistorisk museum. Til saman inviterer Setesdalsmuseet til besøk på 13 ulike arenaer; dei fleste berre sesongopne. Sjå www.setesdalsmuseet.no for meir informasjon.
Setesdalsmuseet er i dag ei avdeling av Aust-Agder museum og arkiv IKS.
Setesdalsmuseet sitt administrasjonsbygg ligg på Rysstad, og er utgangspunkt for alle aktivitetar oppover og nedover dalen. Ut over dette forvaltar museet ei stor gjenstandssamling, foto m.m., og det er etablert eit bygningsvernsenter i nær tilknyting til museet.