Ferievikarar i Heimetenesta 2023
HEIMETENESTA TRENG FERIEVIKARAR FRÅ STARTEN AV JUNI OG UT AUGUST MÅNAD.
Faste tilsette i Surnadal kommune som har deltidsstilling og kan tenke seg å arbeide ekstra i ferietida, treng ikkje å søke men kan melde frå til einingsleiar Annett Ranes om det.
Dette gjeld også for deg som anten har tidsavgrensa avtale (t.d på helg) eller engasjement som tilkallingsvikar. Ta direkte kontakt med Annett Ranes om meld interesse for ferievikarstilling.
Kvalifikasjonar/utdanning:
Vi tek i mot sjukepleiarar/sjukepleiestudentar, vernepleiarar og vernepleiestudentar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Legestudentar er velkomene til å søke.
Arbeidsoppgåvene tilseier at du må kunne kommunisere tilfredsstillande på norsk, både muntleg og skriftleg.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Ordinære ferievikarar hos oss må vere fylt 18 år når dei startar i jobb og for ferievikarar i Heimetenesta er det krav om førarkort kl.B.
Vi ønskjer oss ferievikarar som:
- har gode samarbeidsevner og er rause og imøtekomande
- som kan arbeide sjølvstendig og systematisk
- som har god arbeidskapasitet
Hos oss får du:
- opplæring og retteleiing
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
- ta del i eit godt arbeidsmiljø med trivelege og hjelpsame kollegaer
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål!
Link til søknadsskjema: Søk her