Sekretær
Avdeling for sjukehuspsykiatri, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sykehus, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Avdeling for sjukehuspsykiatri tilbyr nye og spanande utfordringar i eit dynamisk og godt fagmiljø i merkantil team.
Vi har to ledige stillingar. 100% fast stilling ved Alderspsykiatrisk poliklinikk og 100% vikariat ved Utgreiing og Behandling. Ledig frå snarast.
Avdeling for sjukehuspsykiatri er ei avdeling som er lokalisert ved Ålesund sjukehus.
Avdelinga består av 6 seksjonar: Lokal sikkerhetspsykiatri, Akutt psykisk helse team A, Akutt psykisk helse team B, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert Habilitering. Vi er ei avdeling med ulike arbeidsfelt innan psykiatrien, der vi både har ein akuttfunksjon, og har planlagte behandlingsforløp.
Avdelinga går inn i en spanande omstillingsprosess med å få samla fagmiljøet og optimalisere pasienttilbodet i avdelinga. Du vil verte delaktig i denne prosessen og verte ein del i eit felles team, som skal bidra til å løyse og dele faglege utfordringar i felleskap til beste for heile avdelinga.
Intern omrokkering kan også gje andre ledige stillingskombinasjonar.
Du kan søke lokasjon på følgande seksjon i oppstart:
- Alderspsykiatri APS Sunnmøre er døgnpost og poliklinikk som er tverrfagleg samansett av legespesialistar, LIS-lege, psykologspesialist, fagkonsulentar, ergoterapeut, sjukepleiarar, vernepleiarar og merkantile ressursar. Hovedoppgåvene er utgreiing og behandling av demens med nevropsykiatriske symptom (inga nedre aldersgrense), og alvorlege psykiske lidingar hjå personar over 65 år heimehøyrande på Sunnmøre. Vi har eit nært samarbeid, både med psykiatriske og somatiske seksjonar i føretaket.
- Utgreing og Behandling er ein open akuttpost med 12 ordinære sengeplassar og 2 sengeplassar som
vert disponert av akutt heimebehandlingsteam. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med fyrstelinetenesta.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Diverse arbeid i ulike datasystem som for eksempel: Helse Platfotrmen, Doculive, Elements, SAP, Klinisk arbeidsflate og ajourhold RS
- Ekspedering i skranke og telefon/sentralbord
- Registrering (vedtak innen psykisk helsevern, Vedtak kap 9 HOL. diagnoser m.m.)
- Førebu dokumentasjon til klagesaker
- Scanning av oppholdsmapper.
- Innleie av personell/registring av fravær
- Lønskøyring
Kvalifikasjonar
- Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
- Helsesekretær eller sekretær
- Erfaring fra helsefagleg ekspedisjonsarbeid, eller arbeid som sekretær
- Gode datakunnskaper
- Kjennskap til Helseforetakets ulike system er ein fordel
Personlege eigenskapar
- God samarbeidsevne
- Serviceinnstilt, høflig og imøtekomande over for kollegaer, pasientar og andre besøkande
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Løsningsorientert og fleksibel
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Alderpsykiatri Sunnmøre, 70167400, pamela.riise.loe@helse-mr.noSiri Johnsen, Seksjonsleiar, Utgreiing og behandling, 70106510, Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sykehus6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4788552992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.04.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2617355
- Sist endret
25. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
76ecb83866a64de085c53446a45591cd