Teknisk byggeleder
Statens vegvesen
Bergelandsgata 30, 4012 Stavanger, Rennesøygata 16, 5537 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Teknisk byggeleder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Om stillinga
Me har ledig ei spennande stilling som teknisk byggjeleiar for drift av tunnelar i område i Rogaland i seksjon Drift vest 3. Seksjonen har driftsansvar for ei rekkje tunnelar, kor fleire er undersjøiske.
Som teknisk byggjeleiar tunneldrift vil du planleggja og følgje opp tunneldrifta med fokus på teknisk kvalitet av reinhaldet, vatn og avløpsanlegg med sedimentasjonsbasseng, reparasjonar på konstruksjonen (velv, vass- og frostsikring) m.m. Vidare skal du planleggja og sørgja for god gjennomføring av kontrakt saman med byggjeleiar og entreprenør, herunder leie byggjemøter, arbeidsmøter med fleire. Du vil også ha ansvar for oppføljing av økonomi, handtering av avvik, tillegg og endringar. Rolla er eit knutepunkt for tunnellforvalter, brannvernsleiar og dessutan driftskontraktane og entreprenørane deira.
Dei mest sentrale arbeidsoppgåvene vil vidare vera:- utarbeida og bruka eigne kontrollplanar, følgje opp kontrollane til entreprenøren og dessutan følgje opp HMS/SHA ute på arbeidsstadene
- delta etter behov i samband med øvingar, inspeksjonar og tilsyn
- bidra til å halda FDV system for tunnel oppdatert
- bidra til at tryggingsdokumentasjon er på plass
Du må pårekne kvelds og nattarbeid.
Stillinga har kontorstad Stavanger eller Haugesund.
Kompetansekrav
- Høgare relevant utdanning på bachelornivå. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning
- Erfaring med bruk av dataverktøy
- Det er ønskelig med erfaring fra tunnel og/eller elektro
- Du må ha førarkort klasse B
- Du treng god skriftleg og muntleg framstillingsevne, da korrespodanse med interne og eksterne forekjem i stor utstrekning
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå NOKUT (www.nokut.no).
Personlege eigenskaparMe ønskjer ein person som er særleg god på samarbeid og samspel, då oppgåvene i stor grad samvirker med andre. Me ser etter deg som har evne til å arbeida både strukturert og sjølvstendig. Er du god på å ta initiativ, og er resultatorientert, vil du passa godt til stillinga som teknsik byggjeleiar tunnel. Personlege eigenskapar vil vektleggjast.
Føler du at skildringa over treffar deg, så ønskjer me at du tek kontakt. Me kan lova deg mange spennande arbeidsoppgåver og eit levande og godt arbeidsmiljø som er i utvikling.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknadenFyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandlingStatens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentlegDersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?Ta kontakt for ein hyggjeleg prat med seksjonsleiar Morten Hage på telefon 95128363
Om bedriften
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
Sektor
Offentlig