Helgestilling, 18% mellombels
Gulen kommune
Søre garden 28, 5970 Byrknesøy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sone BBD. Tilsetjing 18% mellombels helgestilling frå 24.02.25 - 05.10.25
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 24. februar
Om stillinga
Gulen kommune, for tida ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD), har ledig 18% mellombels helgestilling frå 24.02.25 - 05.10.2025, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytt til avdeling Byrknes og har langvakter - arbeid kvar 4. helg.Vi søkjer deg som er sjukepleiar og/eller vernepleiar. Helsefagarbeidar og andre kan også søkje og verte vurdert for tilsetjing dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar. Kommunen har, for tida, ekstra tillegg på helg, samt løn over tariff for arbeid i turnus for sjukepleiar/vernepleiar og helsefagarbeidar.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
- Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Andre oppgåver som måtte komme til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar. Helsefagarbeidar og andre kan også søkje og verte vurdert for tilsetjing dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted