Overlege i radiologi til fast stilling ved Radiologisk avdeling, seksjon for barn og unge
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ledig fast stilling som overlege i radiologi ved Radiologisk avdeling, seksjon for barn og unge
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Radiologisk avdeling er ei avdeling i stadig utvikling. Vi har om lag 350 flinke og engasjerte medarbeidarar og avdelinga har ein moderne utstyrspark. Senter for nukleærmedisin og PET er ei integrert eining i Radiologisk avdeling og det er eit tett samarbeid mellom nukleærmedisinar og radiolog innan hybriddiagnostikk. Avdelinga nyttar Sectra RIS og PACS.
Vi jobbar tett opp mot våre kliniske samarbeidspartnarar med regelbundne demonstrasjonar og MDT-møte. Sjukehuset fungerer som lokalsjukehus og regionsjukehus. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande og omfattar utgreiing av akutte og kroniske sjukdomar. Vi legg vekt på eit godt miljø på seksjonen, med fleksibilitet og eit godt samarbeid oss i mellom for å løyse dei oppgåvene seksjonane er tildelt.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsarbeid, tolking av undersøkingar i fagfeltet og deltaking i fagmøte
- Deltaking i vaktarbeid
- Ultralydverksemd
- Rettleiing av dei LIS-legane som til ein kvar tid har teneste ved seksjonen
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha norsk autorisasjon og vere spesialist i radiologi, søkar med kort tid att til ferdig spesialist kan også søke
- Erfaring og interesse for fagfeltet vil telje positivt for søknaden, særskild interesse og erfaring med ultralyddiagnostikk hos barn er ønskeleg
- Søkar må ha gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi søker personar med ei positiv innstilling og fagleg engasjement
- Gode evner til samarbeid og til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å skape ei god ramme for barn og pårørande ved radiologisk utgreiing
- Evne til å prioritere for å gje pasientane best mogleg utgreiing og behandling
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Aina Nærø Kristensen, Avdelingsoverlege, 55 97 64 67, aina.nero.kristensen@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4847800443
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.helse-bergen.no
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2720728
- Sist endret
19. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a8fbfaf1caa14fc8b726aac07a158d21