Oppvekstleiar
Masfjorden kommune
Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes
Om jobben
Stillingstittel
Oppvekstleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Om stillinga
Masfjorden kommune har frå 15.06.2025/nytt skuleår ledig ei interessant og utfordrande stilling som oppvekstleiar. Stillinga er del av rådmannen si leiargruppe, med rådmann som næraste leiar.
Oppvekst og utdanning har ansvar for barnehage, grunnskule, SFO, vaksenopplæring, bibliotek, frivilligsentral, kulturskule, idrettskule og flyktningeteneste. Som oppvekstleiar får du høve til å vere med å påverke vidare utvikling i kommunen.
Området har 66 årsverk og ei budsjett/driftsramme på 83 millionar i 2025.
Masfjorden kommune har tre barnehagar og tre skular. Lokalmiljøa rundt barnehagane og skulane har aktive organisasjonsmiljø, og det er flotte skog- og turområde i nærleiken.
Indre Masfjorden barnehage, Nordbygda barnehage og Sandnes barnehage er DUÅ-barnehagar.
Matre skule, Nordbygda skule og Sandnes skule er 1-10 skular. Det er SFO og idrettskule på alle skulane. Vaksenopplæringa har undervisning på Sandnes skule.
Arbeidsoppgåver
- Vera ein aktiv bidragsytar til utvikling i kommunen
- Utvikling av tenester innan oppvekstområdet
- Administrativ og strategisk leiing av området
- Personalansvar for leiarar innan området
- Budsjett og økonomistyring for området
- Ansvar for å ivareta kommunen si rolle som barnehage- og skuleeigar
- Utarbeida saksframlegg til politisk nivå og følge opp politiske avgjerder. Oppvekstleiar er koordinator for ungdomsrådet i Masfjorden kommune
- Delta aktivt med eksterne aktørar. Felles samarbeid med nabokommunar rundt Fensfjorden
- Masfjorden kommune har for tida rolla som nestleiar for kommunalsjefnettverk oppvekst i Region Nordhordland IKS
Me søkjer etter ein oppvekstleiar med
- Relevant høgare utdanning
- Leiarkompetanse og erfaring frå oppvekst- eller utdanningsområdet
- Gode samarbeidsevner
- Relasjonsbyggjande eigenskapar, med evne til å samarbeide på tvers av ulike nivå i organisasjonen
- Innsikt og kunnskap om lov og regelverk innanfor relevante fagområde
- Erfaring og interesse for budsjett, økonomi og langsiktig planlegging
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Me tilbyr
- Ei spennande stilling i eit godt fellesskap
- Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
- Leiarutvikling og nettverk
- Løns- og arbeidsvilkår etter avtale
Anna
- Stilling ledig frå 15.06.2025/neste skuleår. Tiltreding etter avtale
- Krav om gyldig politiattest
- Søkarliste vil innehalde namn, alder og kjønn. Om du ønskjer å bli unnateke offentlegheit må dette grunngjevast. Søkar vil få varsel om grunngjeving ikkje vert teke til følge
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Masfjorden kommune ligg i Nordhordaland og grenser til kommunane Alver, Modalen, Gulen og Høyanger. Administrasjonen i Masfjorden kommune er lokalisert i kommunehuset på Sandnes.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.
Sektor
Offentlig