Hospitaldrift reinhald søker dyktig assistent/reinhaldsoperatør. Fast stilling 15,02% kvar 3. helg dag
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Assistent/reinhaldsoperatør
Oppstart
9. september 2024
Type ansettelse
Fast, deltid 15.02%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane.
Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 340 tilsette. Våre hovudoppgåver er regelmessig reinhald, hovudreingjering, smittevask og vask/reiing av senger.
Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor smittevern er svært viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget, til dømes gjennom arbeid ved helseinstitusjon, i hotell- og servisenæringa eller frå kurs- og konferansedrift
- Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar
- Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse
- Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene
Personlege eigenskapar
- Serviseinnstilt, fleksibel og kvalitetsbevisst
- Gode samarbeidsevner
- Kunne jobbe både i team og sjølvstendig
- Ansvarsbevisst, strukturert og punktleg
- Kunne utføre og trivast med eit arbeid som til tider kan vere fysisk krevande
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overreinskomst
- Kurs- og utviklingsmoglegheiter
- Bedriftsidrettslag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein veldriven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Eva Blom Rolfsvaag, Seksjonsleiar, 99 72 74 08Katarzyna Ogrodnik, Konsulent, 55 97 08 65
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4850392154
Stillingsprosent: 15,02%
Fast
Startdato: 09.09.2024
Søknadsfrist: 01.09.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2726813
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2cbaa6cf7f8f49158cd04dab7260c585