Har du interesse eller kompetanse innan privatøkonomi og brenn du for å skape gode kundeopplevingar?
SpareBank 1 SMN
Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Finansrådgjevar privatmarknad Ulstein
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Saman får vi ting til å skje! Har du interesse og kanskje kompetanse innan privatøkonomi? Brenn du for å skape gode kundeopplevingar? Vil du vere ein del av eit engasjert og kompetent team? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi har mange gode kundar vi skal ta godt vare på, i tillegg har vi ambisjonar om vidare vekst. Ein stor del av arbeidskvardagen går til å hjelpe eksisterande kundar med økonomisk rådgjeving, og å rekruttere nye. Vi veit at folk set pris på gode digitale løysingar, men når dei skal ta store økonomiske avgjerder i livet, eller har utfordringar, ynskjer dei å snakke med nokon for å få profesjonell rådgjeving tilpassa sin livssituasjon. Vi ser etter ein engasjert, sjølvstendig og uredd rådgjevar, som ynskjer å skape gode resultat saman med oss. Erfaring frå bank og kunderådgivning er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav.
Som tilsett ved SpareBank 1 SMN i Ulstein, vert du del av eit kompetansemiljø med m.a. bedriftsrådgjevarar, forsikringsspesialistar, meklarar og privatmarknad som brenn for å skape gode kundeopplevingar. Vidare vert du del av den store SpareBank 1 SMN-familien.
Arbeidsoppgåver:- Økonomisk rådgiving med fokus på å finne gode løysingar saman med kundane, tilpassa deira livssituasjon og framtidsplanar.
- Ta vare på og utvikle banken si kundeportefølje gjennom god og rask handsaming av kundar.
- Vere ein aktiv bidragsytar for å rekruttere nye kundar
- Bidra til suksess ved at du tek ansvar for eige arbeid og eigne mål, deler kompetanse og hjelper andre i teamet.
- Likar å jobbe i team og har gode samarbeidsevner
- Jobbar strukturert, sjølvstendig og tek ansvar
- Gjerne har utdanning innan økonomiske og/eller administrative fag, men det er ikkje eit krav
Som person er du positiv, fleksibel, lærevillig og god på samarbeid.
Vi har spurt oss sjølve: Kvifor skal du som les denne annonsa ha lyst til å jobbe hos oss? Det har vi forsøkt å svare på:- Vi har ein kultur prega av meistring, engasjement, vilje til stadig utvikling og læring, der vi deler beste praksis
- Du får ein arbeidsgivar som er eigd av lokalsamfunnet. Vi er opptekne av å gi tilbake, og å gjere regionen vår til ein betre stad å bu for alle!
- Tilbod om å verte medeigar i SpareBank 1 SMN gjennom eige tilsettprogram
- Vi legg til rette for at du heile tida kan auke kompetansen din. Dette kan vere gjennom spanande prosjekt eller nye moglegheiter innad i konsernet. Vi er store nok til at det er mange moglegheiter internt, og små nok til at du blir lagt merke til.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eigen personalbank med gode prisar på lån for både bustad og bil
- Tilgang til firmahytter, sosiale arrangement, aktivitetar og bedriftsidrettslag
- Ein arbeidsgiver som er oppteken av mangfold, inkludering, sosialt ansvar og bærekraft: https://www.sparebank1.no/nb/smn/om-oss/barekraft.html
Om bedriften
Vi skal bidra til bærekraftige lokalsamfunn
SpareBank 1 SMN-konsernet er Midt-Norges ledende finanskonsern. Vi hjelper deg med alt fra privatmarked og bedriftsmarked til eiendomsmegling og regnskap. Lokalsamfunnet er vår største eier, og får sin del av bankens overskudd. Dette kaller vi samfunnsutbytte, og hvert år bidrar samfunnsutbyttet til små og store formål som skal gjøre Midt-Norge til en enda bedre plass å bo.
Bærekraft
Sosialt ansvar og bærekraft er viktige fokusområder for hele SpareBank 1 SMN-konsernet. Det lokale er spesielt viktig, men vi tenker også nasjonalt og globalt. Vi jobber bredt med FNs bærekraftsmål og følger FNs prinsipper for ansvarlig bankdrift.
Framover skal vi fortsette å ha et aktivt og ansvarlig forhold til bærekraft. Vi skal være en del av løsningen og en proaktiv alliert i omstillingen til et mer bærekraftig samfunn. Vi er opptatt av likestilling og mangfold internt, og gjennom rådgivning, produkter og tjenester skal vi styrke økonomisk likestilling i samfunnet.
Mangfold
Mangfold er en styrke på arbeidsplassen. Derfor oppfordrer vi folk med ulik kompetanse, livserfaringer, perspektiver, alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting til å søke på våre.
Sektor
Privat
Nettsted