Helsefagarbeidar i ambulerande heimetenester
Org. nr: - Stillingsident: 4268162973 Presentasjon av stillingen:
Ambulerande heimetenester gruppe 3 har base på Grodås og yter tenester til om lag 50 heimebuande personar. Vi er opptatt av å kunne tilby tenester av god kvalitet til våre pasientar.
Arbeidsoppgåver
Helse- og omsorgstenester til heimebuande personar som har fått vedtak om helsehjelp og/eller praktisk bistand i kvardagen. Stillinga har for tida todelt turnus med arbeid på dag, kveld og helg.
Kvalifikasjonar
Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar. HPR-nr må oppgis i søknaden.
Du må ha arbeids- og oppholdsløyve.
Vi forutsett gode norskkunnskaper både skriftleg og munnleg (Helst norsktest nivå B2). Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skriftleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkjarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
Du må fremlegge tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd. Krav om førerkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg gode personlege egenskaper og evna til å samarbeide på tvers av faggrupper til pasientane sitt beste. Vi ynskjer ein medarbeidar som:
Kan sjå nye moglegheiter og bidra til at arbeidsplassen utviklar seg.
Liker utfordringar.
Tar initiativ og ansvar.
Er fleksibel og har lett for å omstille seg.
Har godt humør.
Vi tilbyr
Stillingskode: 707603
Trivelig arbeidsmiljø med flotte kollegaer.
Sjølvstendig og variert arbeid.
Høve til fagleg og personleg utvikling.
Internundervisning og fagleg påfyll.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Laila Støve Otterdal, Seksjonsleiar, 97645988
Astrid Dimmen, Avdelingsleiar, 95770524, astrid.dimmen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Grodås
6763
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4268162973
Stillingsprosent: 65%
Fast
Startdato: 01.10.2020
Søknadsfrist: 16.08.2020
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper mangar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har av eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!