Fastlege i 100 % stilling - vikariat
Org. nr: 961382246 Stillingsident: 4350099465 Presentasjon av stillingen:
Ynskjer du deg eit år i flott natur med ein hyggeleg arbeidskvardag som fastlege i Vang i Valdres?
Vang kommune har ledig eit svangerskapsvikariat for lege i 100 % stilling, frå snarast tom 31.12.21, med mogleg forlenging.
Legekontoret har moderne og velutstyrte lokale i Vang sentrum, med erfarne og stabile medarbeidarar. All helseteneste utanom pleie og omsorg er lokalisert i same bygning med gode samarbeidstilhøve.
Det er 2,8 stillingar/heimlar for fastlege. Kommunen har om lag 1600 innbyggjarar, asylmottak på inntil 200 plassar.
I Vang kommune er fastlegane tilsett i kommunen, med fastløn og % andel av pasientinntekter, same ordning tilfell vikariatet.
Perioden for vikariat kan bli forlenga ut over 31.12.21.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg kurativ teneste med listeansvar for inntil 600 pasientar (for tida om lag 430), og ansvar som helsestasjons- og skulelege, samt sjukeheimslege.
I stillinga inngår det 18-delt tilstedevakt i interkommunal legevaktsentral, lokalisert på Fagernes.
Kvalifikasjonar
- Lege med norsk autorisasjon og fullført norsk turnusteneste/tilsvarande erfaring.
- Gjerne spesialist innan allmennmedisin, eller under utdanning til dette
- Gode norskkunnskapar skriftlig og munnleg
- Førarkort for bil, og må kunne disponere bil
Utfylt søknadsskjema frå legeforeningen med attestert dokumentasjon og referansar skal leggjast ved søknaden.
Stillinga krev gyldig politiattest.
Personlege eigenskapar
- Eigenskapar som faglig interesse, sjølvstende og gode samarbeidsevner, vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode lønstilhøve med fast løn pluss bonus av pasientinntektene.
- Kommunen vil hjelpe til med å skaffe bustad.
- Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Kontaktinformasjon
Tommy-René Stordal, Kommunalsjef utdanning og kultur, 61 36 94 20, Tommy-Rene.Stordal@vang.kommune.no
Marit Tuv, Kommuneoverlege, 975 66 647
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vang Kommune
Referansenr.:4350099465
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 19.04.2021
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 04.04.2021
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.