60 % fast og 20 % vikariat som psykiatrisk sjukepleiar / vernepleiar
Helseavdelinga, psykisk helse og rus
Jacob Naadlandsveg , 3840 Seljord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Vi har ledig 60 % fast og 20 % vikariat som psykiatrisk sjukepleiar / vernepleiar i avdeling for psykisk helse og rus. Vikariatet er ledig ut 2025. Helseavdelinga i Seljord er ein tverrfagleg kompetansebedrift som består av avdelingane legekontor, legevakt, fysioterapi og ergoterapi, helsestasjon og skulehelseteneste, og avdeling for Psykisk helse og rus. Me er om lag 35 tilsette og er organisert med einingsleiar og medisinskfagleg ansvarleg i tillegg til fagleiarar i dei ulike avdelingane. Psykisk helse og rus har 7 tilsette og fagleiar i avdelinga, og er lokalisert på Heddeli. Målsettinga til psykisk helse og rus er at alle innbyggarar i kommunen skal meistre sitt eige liv ut frå eigne føresetnader. Tenesta har tilbod om individuell oppfølgjing, bistand i heimen og ulike gruppetilbod. Tenesta har eit godt samarbeid med andre aktørar i Seljord og interkommunalt samarbeid med nabokommunar. Rask Psykisk Helsehjelp og Simuleringssenteret er nyetablerte interkommunale tilbod som tenesta vil få eit nært samarbeid med framover. I tillegg har Seljord oppretta eit nytt prosjekt for å kartlegge russituasjonen i Seljord. Me har eit solid og godt arbeidsmiljø med sterkt fagleg fokus og høg fagleg kompetanse. Det er kontinuerleg fokus på tverrfaglegheit og samarbeid med heile det kommunale tenestetilbodet. Seljord er ein liten og sterk distriktskommune med visjonen Seljord- det gode vertskap.
Stillingstittel
Psykiatrisk sykepleier
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonskrav· Bachelor i sjukepleie eller vernepleie, eventuelt anna relevant høgskule
· Vidareutdanning innan fagfeltet psykisk helse og rus er ein fordel, men ikkje krav
· Erfaring frå den kommunale helsetenesta innan psykisk helse og rus er ein fordel, men anna relevant erfaring blir også vurdert
· Digital kompetanse
· Førarkort kl B
· Personleg eignahet blir vektlagt
Arbeidsoppgaver
Me søkjer etter ein positiv og fagleg engasjert person som likar å jobbe i team, samstundes som ein er trygg og sjølvstendig. Hos oss stiller alle medarbeidarar likt uavhengig av fagbakgrunn, saman utfyller me kvarandre. Me ønskjer ein psykiatrisk sjukepleiar eller ein vernepleiar inn i faggruppa, men anna relevant høgskuleutdanning er også aktuelt. Vidareutdanningar innanfor fagfeltet psykisk helse og rus er ein fordel. Er du sjukepleiar utan vidareutdannnig, må du vere villig til å ta vidareutdanning. Me legg vekt på personlege eigenskapar og erfaringskompetanse. Stillinga vil i hovudsak innebere individuell oppfølging / samtaleterapi, og erfaring frå dette vil vere ein fordel.
Oppstart 01.03.25 eller etter avtale
Vi tilbyr
· Løn etter Hovudtariffavtala
· Pensjon via KLP
· IA-bedrift
· Gode moglegheitar for kompetanseheving og personleg utvikling
· Inkluderande arbeidsmiljø med med stor vekt på tverrfaglegheit og samarbeid
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med fagleiar Psykisk helse og rus, Maria De-Lange Sødal, tlf: 48056352 epost: maria.sodal@seljord.kommune.no, eller einingsleiar helseavdelinga Eldbjørg Haugan, tlf: 90 96 80 18, e-post: eldbjorg.haugan@seljord.kommune.no
Me oppmodar spesielt søkarar som er i undertal i kjøn, kultur, religion om å søke.
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.
Søk via elektronisk søknadsskjema
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Seljord kommune er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark. Kommunen ligg sentralt i Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2817751
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
34e08343-0910-4598-b800-6cb3c46c791c