Fagarbeidar
Skodje barneskule
Stadionvegen 21, 6260 Skodje
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vikar helsefagarbeidar / borne- og ungdomsarbeidar.
Skodje barneskole har ledig 80 % stilling i skule og SFO som helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar skuleåret 2024/2025.
Stillingane vil være dels i skule og dels i SFO. Stillinga inneber å hjelpa lærar og anne personell ved skulen, både i høve til læringsmiljøet i klassa, men ofte knytt opp mot einskilde elever eller elevgrupper. Denne stillinga planleggar vi har eit særskilt ansvar knytt opp mot ein einskilt elev, i samarbeid med andre.
Skodje barneskule er ein barneskule med ca. 250 elevar. Vi har omtrent 100 barn i SFO. Skulen har ei unik plassering som ligg tett inn mot store friareal som kan brukast til både organiserte læringsaktiviteter og frileik. Ungdomsskulen, kulturhus, idrettsanlegg og barnehage er våre næraste naboar, forutan nærleik til skog og natur.
Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert kollegium, med brei og allsidig utdanning og praksis. Jobben som fagarbeidar er både utviklande og utfordrande
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av enkeltelevar og grupper.
- Planlegging av elevaktivitet og oppfølging av denne.
- Gjennomføre sosialpedagogiske opplegg i samarbeid med spesialpedagog og miljøterapeut.
- Leksehjelp
- Oppfølging av elev-/ar med særskilte behov.
Kvalifikasjonar
- Helsefag- / barne- og ungdomsarbeidar.
- Beherske norsk flytande munnleg og skriftleg.
- Fagleg oppdatert med brei og variert kompetanse.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Den som vert tilsett vil måtte framlegga tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
- Trygg og god vaksen.
- Fleksibel og tolmodig i hektiske og uoversiktlege situasjonar.
- Open i møte med barn, foreldre og kollegaer.
- Lærevillig og nysgjerrig på nye ting.
- Sjølvstendig og initiativrik i eige arbeid.
Vi tilbyr
- Ein givande arbeidsdag med mykje fart og moro.
- Eit oversiktleg miljø med gode kollegaer.
- Tilsetting i IA - bedrift.
Kontaktinformasjon
Arild Skistad, Rektor, 478 97 914, arild.skistad@alesund.kommune.noArbeidsstad
Stadionvegen 216260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4785499931
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 07.04.2024
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2602062
- Sist endret
8. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0b382dcf87fa4488b6c1ab2bf2fe6698