Avdelingsleiar, vikariat skuleåret 2024/2025
Åseral kommune
Bordalen 4, 4540 Åseral
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar, vikariat skuleåret 2024/2025
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar vil vere tett på einingsleiar, og tett inn mot klassane og dei tilsette. I stillinga som avdelingsleiar har du 50% undervisning.
Avdelingsleiarmodellen er basert på leiar- og rettleingsansvar i ungdomsskulen og på barnetrinnet.
Du skal samarbeide tett med rektor om mellom anna utviklingsarbeid, og vere ein del av skulen sitt leiarteam. Som avdelingsleiar vil du mellom anna ha ansvaret for informasjonsflyt og samarbeid med tilsette.
Den som vert tilsett i vikariatet som avdelingsleiar avtalar med rektor kva oppgåver som skal prioriterast.
Vidare vert det avtalt med einingsleiar korleis arbeidstida mellom 50% administrativ stilling og 50% undervisningsstilling skal løysast.
Kvalifikasjonar
- Utdanning og formell kompetanse for grunnskule
- God kunnskap om, og interesse for bruk av teknologi og digitale læringsressursar i læringsarbeidet er ein fordel
- Ynskjeleg med erfaring frå grunnskulen
Personlege eigenskapar
- Har evne til å skape gode relasjonar til både elevar og andre tilsette
- Har evne til å leie tydeleg, strukturert, forutsigbart og sette tydelege grenser
- Er fleksibel og har endringskompetanse
- Har stor fagleg kompetanse og stort engasjement
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Helene Håvorstad Ljosland, Einingsleiar, helene.havorstad.ljosland@aseral.kommune.noArbeidssted
Bordalen 44540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 4770470201
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 26.03.2024
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2592298
- Sist endret
27. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
890b5e8d032a492b889c7cd7f4c0786a