Operasjonsleiar
FOT - Seksjon for operativ styring, Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Operasjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 6. mars
Vi har no ledig ei fast stilling som operasjonsleiar, politioverbetjent, ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.
Vi ser etter deg som har gode leiareigenskapar, er initiativrik og har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det annakvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.
Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga er organisert under seksjon for operativ styring. Seksjonen er inndelt i tre avsnitt som leiast av kvar sin avsnittleiar. Vi har mange erfarne leiarar og god spreiing i alder og erfaring mellom operatørane. Operasjonssentralen har eit godt arbeidsmiljø og mange dyktige medarbeidarar.
Operasjonssentralen er lokalisert på politihuset i Ålesund. Sentralen er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal. Litt reiseverksemd kan forekomme.
Arbeidsoppgåver
- Øvste leiar på operasjonelt nivå når det ikkje er satt stab
- Ansvarleg for samhandling med innsatsleiar i både planlagde og hendingstyrte oppdrag
- Ansvarleg for å konferere med stabssjef ved behov for fagleg rådgjeving
- Ansvarleg for å følge opp styringssignal frå overordna nivå
- Ansvarleg for å ha oversikt over politidistriktet sin operative kapasitet (ressurs og kompetanse) i samhandling med tenestekontoret. Skal bistå tenestekontoret med sanntidsføring i TTA, etter kontortid.
- Ansvarleg for samhandling og oppfølging med Felles straffesaksinntak (FSI). Operasjonsleiar er etterforskningsleiar når FSI ikkje er på arbeid
- Ansvarleg for å handtere media og informere befolkninga etter sentrale retningsliner og lokale instruksar
- Skal ha god kunnskap om lovverk, i instruksverk og ordrar
- Skal ha inngående kunnskap om PBS I – II og III og drifte tenesten i samsvar
- Ansvarleg for HMS tiltak for tenestepersonar i aktiv teneste samt eige team som består av oppdragsleiar og operatør
- Ansvarleg for varslings- og bistandsanmodningar
- Ansvarleg for varsling av stabssjef ved behov for å sette stab
- Ansvarleg og fullmakt til å beslutte bevæpning i samsvar med våpeninstruksen for politiet
- Har fullmakt til å beordre personell og rekvirere ekstern bistand
- Ansvarleg for politidistriktet si operative drift av politidistriktet sin funksjon som lokal redningssentral (LRS) herunder oversikt over redningsressursar
- Kunne fungere som oppdragsleiar og operatør
- Skal rettleie øvrige tilsette ved operasjonssentralen
- Skal utføre oppgåver skildra i rutinar om arbeidsfordeling samt gjeremål for OL og ODL
- Ansvarleg for varsling av politimeistaren og jourhavande etter eigne retningsliner
- Kan bli pålagt andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved søknaden.
- Brei og relevant erfaring frå politiet sine gjeremål
- Relevant erfaring frå leiing
- God kunnskap om nasjonal kriseberedskap og krisehandtering
- God munnleg og skriftleg formidlingevne på norsk og engelsk
- God kjennskap til politiet sine operative styringssystem
- Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Må kunne klarerast for HEMMELEG/Nato secret jfr. sikkerhetsloven
Ønskeleg:
- Relevant leiarutdanning
- Studie funksjonsretta leiing for oppdragsleiar/operasjonsleiar/innsatsleiar
- Studier innanfor etterforskningsleiing
- Erfaring frå operasjonssentralen
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar, herunder kunne leie situasjonsbestemt og ha god evne til å motivere og bygge opp medarbeidarane
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Høg stresstoleranse
- Endringsvillig
- Initiativrik
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Som leiar må du i tillegg vere ein god rollemodell og leie i samsvar med medarbeiderplattformen vår.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønt som politioverbetjent, stillingskode 0287 med brutto årslønn frå kr. 700 000 til kr. 740 000
- For særskilt kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar
Kontaktinformasjon
Erik Steen Mikalsen, Seksjonsleiar, 70118957Arbeidsstad
Nedre Strandgate 506005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4917797095
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 06.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Erik Steen Mikalsen
Seksjonsleiar
70118957
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2868070
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ccec405c45c1414ba31fab1ed2d9b5bc