Klinikkleiar
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As
Hauglandsvegen 308, 6968 Flekke
Om jobben
Vi søker ein person som har erfaring med helseleiing og interesse for å jobbe i eit tverrfagleg miljø med fokus på ressurstenking. Klinikkleiar er leiar for helseavdelinga og inngår i leiargruppa ved senteret.
Stillingstittel
Klinikksjef
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som er engasjert og flink til å motivere andre. Du bør ha høgare utdanning, medisinsk eller helsefagleg kompetanse er relevant. Gjerne også kompetanse innan leiing eller erfaring med tverrfaglege team.
Du må vere løysingsorientert og opptatt av å få til gode samarbeid på tvers i organisasjonen.
Arbeidsoppgaver
Som klinikkleiar vil du ha ei sentral rolle i å vere med på å vidareutvikle tilboda ved senteret. Du vil ha ansvar for helseavdelinga og vere med å bidra til tverrfagleg samarbeid på tvers av team og avdelingar. Klinikkleiar skal arbeide med kontinuerleg kvalitetsforbetring og drive prosessar rundt fagutvikling.
Vi tilbyr
Hjå oss får du ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Du vil vere tett på eit spanande fagmiljø og og inngå i samarbeid med andre relevante fagmiljø.
Senteret har flotte treningsfasilitetar og ligg like ved fjord og fjell. Så her er gode moglegheiter for aktivitet og trening både inne og ute.
Om bedriften
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon som tilbyr tverrfagleg, spesialisert rehabilitering. Vi har omlag 75 årsverk, der 35 av desse er knytt til helseavdelinga.
Vi ligg i Flekke i Fjaler kommune, ein tettstad med nærheit til skule og barnehage.
Les meir om oss på www.rkhr.no
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2698793
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3448fab0-39ae-43de-a34e-1bdba698ce3c