Stiryddar i Vang kommune - Sommaren 2024
Vang Kommune
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
Stillingstittel
Stiryddar i Vang kommune - sommaren 2024
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Etat for Utdanning og kultur har sommarjobbar som stiryddar for sommaren 2024, for ungdommar og studentar som er fjellvante og likar seg ute i Vang sin flotte natur!
Arbeidsoppgåver
- Stirydding– rydding og merking av turstinettet i Vang kommune
- Kongevegsrydding – rydding, slått og vedlikehald av kongevegtrasear
Kvalifikasjonar
- Fleirtallet av ryddarane bør ha fylt 18 år og ha førarkort
- Ungdom i aldersgruppa 16-18 år kan også søkje
- Erfaring med bruk av kantklippar og motorsag er ein fordel, men ikkje eit krav
- Må trivast med fysisk arbeid
Søknaden din skal innehalde informasjon om
- din motivasjon for å søkje stillinga
- kva tidsrom du kan arbeide
- du har førarkort for bil/traktor
- du disponerer bil
- din erfaring med bruk av kantklippar og motorsag (evnt. motorsagkurs)
Ungdommar og studentar vert prioritert
Vi tilbyr
- Flotte og aktive dagar ute i vakker natur
- Løn som assistent / ung arbeidstakar jf Hovudtariffavtale i kommunal sektor
Kontaktinformasjon
Jon Eggen, 90186731, eggen@online.noArbeidsstad
Tyinvegen 51612975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vang KommuneReferansenr.: 4771753262
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 01.04.2024
Om bedriften
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2568395
- Sist endret
2. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d6fe11d6f1084b34852047fc7c547cad