Vikariat som assisterande seksjonsleiar
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Seksjon S3, Helse Bergen
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat som assisterande seksjonsleiar
Oppstart
1. mai 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Seksjon S3 er ein lukka korttidspost med 9 senger lokalisert til Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Assisterande seksjonsleiar i S3 har medansvar, saman med sekjsonsleiar, for å utvikle miljøterapi og saman med resten av leiinga etablere eit godt fungerande samarbeid med aktuelle instansar. Oppstart etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Saman med seksjonsleiar og fagleg ansvarleg sørge for god drift av seksjonen
- Saman med seksjonsleiar ansvarleg for å legge til rette for opplæring og oppfølging av nytilsette og studentar
- Medansvar for arbeidstidsplanlegging og bemanning
- Ansvarleg for seksjonen ved seksjonsleiars fråvær
- Saman med seksjonsleiar utarbeide turnus
- Fagutviklingsarbeid og planlegging av internundervisning
- Kvalitetsforbetringsarbeid
- Bidra til gode og effektive pasientløp
- Ta del i det arbeidet som til ei kvar tid ligg til avdelinga
- Klinisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Relevant vidareutdanning innan psykiatri eller rus/psykiatri
- Fordel med erfaring med pasientgruppa
- Relevant sjukehus- og/eller leiarerfaring er ein fordel
- Det er ein fordel å ha erfaring med Gat, Dips og Meona
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du arbeider stukturert, sjølvstendig, effektivt og målretta
- Du kommuniserer godt med dei rundt deg
- Du er opptatt av samarbeid og blir sett på som ein bidragsytar i samarbeid med andre
- Du er lojal til vedtatte avgjerder og opptatt av gode arbeidstilhøve
- Du er fleksibel, løysingsorientert og trivast med varierte utfordringar
- Du er engasjert i arbeidet
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling
- Kompetanseheving og vidareutvikling innan leiing og administrasjon
- Eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Sigurd Ulfeng Jakobsen, Seksjonsleiar, 55958530Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4782857059
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.05.2024
Sluttdato: 01.05.2025
Søknadsfrist: 31.03.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2593265
- Sist endret
1. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1b4fddf069ab4c01ac2566aa4f87b652