Bratsjist
Org. nr: - Stillingsident: 4160292179 Presentasjon av stillingen:
Ålesund strykekvartett søker bratsjist i 100 % vikariat frå februar og ut 2020.
Om nødvendig kan eit forenkla prøvespel inngå som ein del av intervjuprosessen.
Ålesund strykekvartett vart oppretta av Ålesund kommune i 1985, og er ein profesjonell strykekvartett der musikarane er fast tilsette i Ålesund kulturskole.
Arbeidsoppgåver
- I tillegg til kvartettoppgåvene, som består av eigne konsertar, skolekonsertar, gjestespel og samarbeidsprosjekt, underviser musikarane 30 % stilling kvar ved Ålesund kulturskole.
- Strykekvartetten er også med (som gruppeleiarar) i Ålesund symfoniorkester.
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter musiker med minimum 3-årig høgskole-/konservatorieutdanning, primært med bratsj som hovedinstrument, gjerne også med pedagogisk kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter ein musikar som har ein høg utøvande kompetanse på sitt instrument, som liker å undervise og som er ein god medspiller, både i kvartetten og i kollegiet. Verdiane for kommunen vår er open, engasjert og modig.
Vi tilbyr
- Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar og avtaleverk (st.kode 6814).
Kontaktinformasjon
Gro Dalen, Verksemdsleiar, 70 16 34 82
Arbeidsstad
Borgundvegen 351
6009 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Nye Ålesund kommune
Referansenr.:4160292179
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2020
Sluttdato: 31.12.2020
Søknadsfrist: 15.12.2019
Om bedriften
Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå
- januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er nye Ålesund kommune eit spennande alternativ.