Avdelingsleiar/avdelingssjukepleiar f.t open omsorg
Org. nr: 964966397 Stillingsident: 4428690688 Presentasjon av stillingen:
Eining for pleie og omsorg består i dag av 3 avdelingar, Byglandsheimen, open omsorg og habilitering. I haust går eininga over til 2 avdelingar, Byglandsheimen blir som før, medan open omsorg og habilitering vert slått saman til ei avdeling og skal danne open omsorg base nord og base sør i vår langstrakte kommune. Vi søkjer no etter ein avdelingsleiar til nye open omsorg. Vi søkjer ein person som kan bidra til å levere gode og framtidsretta tenester til innbyggjarane i kommunen saman med dyktige tilsette.
Open omsorg har ansvar for å levere tenester til heimebuande i alle aldre med ulike behov. Tenester som heimesjukepleie, praktisk bistand, matombringing, velferdsteknologi, omsorgsbustad og bufellesskap.
Du blir ein del av leiarteamet beståande av tenesteleiar og avdelingsleiarar på dei 2 avdelingane.
Det er tett samarbeid mellom avdelingsleiar på Byglandsheimen og avdelingsleiar open omsorg.
Som avdelingsleiar vil du ha ansvaret for omtrent 20 årsverk fordelt på 30 tilsette pluss vikarar. Stillingsprosenten er 100% avdelingsleiar kor minst 20% av dette er i pleien.
Det kan vere interne søkjarar med førerett.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar har dagleg leiaransvar. Dette ansvaret inneber blant anna:
- Fagleg ansvar, herunder sakshandsaming i samband med søknad om tenester og evaluering av desse. Sørgje for at tenestene blir utført forsvarleg og i samsvar med lovar, reglar, planar og dei vedtak som er fatta.
- Økonomiansvar innanfor den ramma som gjeld for avdelinga.
- Arbeide systematisk med kvalitetsforbetring
- Personalansvar.
- Legge til rette for utvikling og påverke til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskjeleg med erfaring/utdanning innan leiing.
- Gode norskkunnskap, både skriftleg og munnleg.
- Gode digitale ferdigheiter.
- Krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader ved oppstart.
- Må ha førarkort
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personelge eigenskapar slik som:
- Tydeleg leiarstil med fagleg engasjement.
- Godt humør og gode samarbeidsevner.
- God til å kommunisere og vere ein relasjonsbyggjar.
- Strukturert og evner å sjå heilskapen for avdelinga.
- Evner og vilje til utvikling og endring.
- Fleksibel og evner å sjå løysingar.
- Sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Ein triveleg arbeidsplass med gode kollegaer
- Ein organisasjon i utvikling med fagleg fokus og evne til utvikling.
- Løn etter avtale.
- Fleksibel arbeidstid.
- Gode forsikrings- og pensjonsordning (klp).
- Kommunen har bedriftsavtale med Sørlandsparken tverrfaglege helse
Kontaktinformasjon
John Salve Sigridnes, Kommunedirektør, 99094663
Arbeidssted
Sentrum 18
4745 Bygland
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bygland Kommune
Referansenr.:4428690688
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 29.11.2021
Sluttdato: 14.09.2022
Søknadsfrist: 24.09.2021
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar -- stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.