Avdelingssjukepleiar, 100% vikariat
Gulen kommune
Gulafjordvegen 1519, 5960 Dalsøyra
Om jobben
Stillingstittel
Sone BBD. Tilsetjing 100% vikariat avdelingssjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidstid
Turnus, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% vikariat som avdelingssjukepleiar ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD), frå 01.11.2024 til ut august 2025. Vikariatet kan verte forlenga etter endt periode. Stillinga er for tida knytt til turnus ved avdeling Dalsøyra, men ved behov vil ein nytte ressursar i heile eininga.
I stillinga er det både administrative oppgåver og oppgåver knytt til pleie og stell av pasientar. Stillinga går i turnus med, for tida, arbeid kvar 3.helg. Det vert arbeida med å sjå på ulike arbeidstidsordningar, blant anna langvakter i forbindelse med helg.
Kommunen tilbyr løn over tariff for arbeid i turnus. Vi har også innført ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar
- Pasientretta oppgåver
- Sikre at drift er i tråd med gjeldande lover, føresegn, prosedyrar og definerte mål
- Samarbeide med einingsleiar om gode tenester i heile sona
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Støtte, rettleie og følge opp medarbeidarane (inkl. medarbeidarsamtalar)
- Utføre ulike kartleggingar, medverke til utarbeiding av rutiner, vere pådrivar for fagleg utvikling i avdelinga, delta på faste møter både internt i sona og på tvers av einingane osb.
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Gode digitale ferdigheiter
- Ved tilsetjing krev ein politiattest
Personlege eigenskapar
- Ha god relasjonskompetanse og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Du er oppteken av fagleg kompetanse og bidrar til andre og eiga utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel, påliteleg og har gode samarbeidsevner
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn over tariff (leiarløn kap.4) og ekstra helgetillegg
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2698932
- Sist endret
1. september 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10218365