ID 2087 Helsefagarbeidarar i nattpatruljen - Heimebaserte tenester
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dager
Antall stillinger
2
Heimebaserte tenester i Stord kommune har ledig 2 stillingar på natt for helsefagarbeidarar.
Begge har ein storleik på 75%, ein fast samt eit vikariat t.o.m 31.08.2024.
På natt jobbar man både sjølvstendig og i team. Det er faste oppdrag og fortløpande alarmar som skal handterast. Me har fokus på å nytta oss av velferdsteknologi der det er mogleg.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Me gir helsehjelp med fokus på høg faglighet og respekt til kommunen sine innbyggjar.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert Hjelpepleiar/fagarbeidar
- Førarkort klasse B
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Erfaring med fagsystemet Profil er ein fordel.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar.
Me søkjar deg som gir av deg sjølv, og som bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Du er ein positiv og løysningsorientert person som likar faget ditt. Du likar å jobbe på natta. Du liker å jobbe både sjølvstendig og i team. Du har gode kommunikasjon og samarbeidsevner. Du må trivest med varierte utfordingar og evne til å gi omsorg av høg kvalitet.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Gina Kittilsen tlf: 975 52 169
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2427927
- Sist endret
25. september 2023
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
333b527a-e467-4f8d-850b-8f3e7a591468