Sjukepleiar/vernepleiar, 2x100% fast stilling
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik
Om jobben
Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing 2 x100% fast sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Om stillingane Me tilbyr
Gulen kommune har ledig 2 x 100% faste stillingar som sjukepleiar/vernepleiar frå snarast/etter avtale, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim.
- 100% fast stilling med arbeid kvar 3. helg
- 100% fast stilling med arbeid kvar 3. helg, langvakter kvar 4. helg kan vurderast
- Løn over tariff for arbeid i turnus
- Bonus på 100 000,- ved binding i to år (ratevis utbetaling)
- Ekstra helgekompensasjon
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik- krinsen, samt til personane på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik. Stillingane vil i fyrste omgang vere knytt til sjukeheimen, men det kan vere aktuelt med oppgåver både i heimetenesta og på sjukeheimen ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Andre oppgåver som måtte kome til
- Avløysar for avdelingssjukepleiar
Arbeidsoppgåvene vil verte tilpassa om det er ein sjukepleiar eller vernepleiar som får tilbod om stillingane
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted