Matvert/kjøkkenassistent
Produksjonskjøkken Førde, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Matvert/kjøkkenassistent
Oppstart
6. mai 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
2
Matforsyning på Førde sentralsjukehus har ledig to vikariat som matvert/kjøkkenassistent i 80% stilling frå 06.05.-05.11.24, med moglegheit for forlengning.
Matforsyning i Helse Førde har arbeidsstader på Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, Indre Sogn psykiatrisenter.
Vi serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskafear. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til dei andre sjukehusa og institusjonane i Helse Førde. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelege arbeidsplassar på alle lokasjonane sine.
Plassering: Ved Matforsyning FSS sine serveringsstadar.
Arbeidsoppgåver
- Tilsett i Matforsyning skal delta i alle planlagte og rutinemessige arbeidsoppgåver innanfor seksjon kjøkken sitt totale drifts - og fagområde.
Det er mottakskjøkken i sengeavdelingane, kantine, kafe og produksjonskjøkken/varemottak. - Tilsett må kunne tileigne seg nødvendig datakunnskap, være fleksibel og ha godt arbeidsmot i eit hektisk og trivelig arbeidsmiljø.
- Tilsett vil ha medansvar på det arbeidsområde vedkommande arbeider i lag med næraste leiar.
- Arbeid i turnus - arbeid kvar 3. helg.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå institusjon, kafe, hotell/restaurant og kundebehandling.
- IT-kompetanse, men opplæring vil bli gitt.
- Søkjar må beherske godt norsk, både skriftlig og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Må være på tilbodssida og beherske kontakt med kollegaer, pasientar og helsepersonale.
- Kunne skape tillit og hygge kring seg på arbeidsplassen.
- I ein travel arbeidskvardag vil god fysikk være til god hjelp.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Regelmessige personalmøte der m.a. arbeidsmiljø er eit viktig moment
- Avdelinga prøver så ofte vi kan å få til sosiale samankomster
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Elin Haugen, Seksjonsleiar, +47 578 39 682Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4797986864
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 06.05.2024
Sluttdato: 05.11.2024
Søknadsfrist: 25.04.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2618259
- Sist endret
26. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
26cc18849d9c44d4b964d001b2e95b70