Helsesekretær/bioingeniør
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Helse og omsorg er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Austevoll kommune har ledig 50 % fast stilling som helsesekretær eller bioingeniør.
Arbeidsstad
Legetenesta er eit kommunalt fastlegekontor for 5200 inbyggjarar i Austevoll kommune. Legekontoret har tett samarbeid med andre kommunale tenester, og laboratoriet gjev også tjenester til blant anna jordmor og sjukeheim. Legesenteret er med i prosjekt primærhelseteam. Legesenteret har 6 fastleger og held til i nye moderne lokaler på Storebø.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Driftsansvarlig for laboratoriet, herunder arbeid med internkontroll, pasientsikkerhet,kvalitetssystem og HMS
- Hygieneansvarlig/smittevernansvarlig på legesenteret
- Rådgivning av andre kommunale tenester innen laboratoriearbeid, hygiene og smittevern inkludert deltaking i tverrfaglig team
- Anna arbeid på legesenteret, som betjene telefon, prøvetaking, undersøkelser og behandling av pasienter etter delegasjon.
Kvalifikasjonar
- Du er autorisert helsesekretær eller bioingeniør med erfaring fra fastlegekontor
- Du har gode norskkunnskaper muntlig og skriftlig
- Du har erfaring med drift av laboratorium, systematisk kvalitetsarbeid og prøvetaking
- Du er engasjert og brenn for å jobbe med menneske
- Du trivst med å jobbe sjølvstendig og ta ansvar
- Du har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar
- Førekort klasse B er ein fordel
- Politiattest
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Inger Uglenes, Tlf: 55081050
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!