Ambulansearbeidar
Kirurgisk serviceklinikk/ Akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Autorisert Ambulansearbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 40.%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
Akuttmedisinsk avdeling, AMA, er ein avdeling under Kirurgisk Serviceklinikk, og har ansvaret for all ambulansedrift (bil, båt, helikopter) samt nødmeldetenesta i Helseføretaket. Avdelinga har om lag 360 tilsette. Avdelingen er i dag organisert i 3 ambulanse seksjonar, 1 AMK seksjon og 1 Luftambulanse seksjon.
Vi søker etter autoriserte ambulansearbeidarar i ambulansetenesta og har ledig følgande stillingar:
Sentrum Ambulansestasjon: ein vil måtte pårekne å ta vakter på Dale, i Kvam og på Voss ved behov.
4 x 40% faste stillingar frå 27.01.2025
2 x 50% vikariat frå 27.01.2025 til 25.01.2026
Knarvik Ambulansestasjon: ein vil måtte pårekne å ta vakter i Åsane, Austrheim, Gulen (Dalsøyra) og Osterøy (Lonevåg) ved behov.
1 x 40% vikariat frå snarast til 01.03.2026
Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker.
Søkarar som blir kalla inn til intervju vil måtte gjennomføre følgande testar:
* Fysisk test
* Fagleg utsjekk
* Køyreutsjekk
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ambulansearbeidar
- Førarkort kl. C1 og ønskeleg med utrykkingskøyring (kode160)
- Plettfri vandel. Vandelsattest må leggast fram før tilsetting
- Anna helsefagleg bakgrunn med ambulanseerfaring kan vurderast
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel
- God fysisk og psykisk helse
- Evne til å ta raske avgjerder og til å arbeide sjølvstendig
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkar sine personlege eigenskapar tel mykje ved tilsetting
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vi tilbyr gode turnusordningar
- Vi tilbyr fagdagar med kompetanseheving
- Stasjonane har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter
- Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane i distrikta
- Gode kollegaer i eit triveleg miljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Otto Sætre-Hansen, Seksjonsleiar Sentrum, otto.setre-hansen@helse-bergen.noMorten Lønningen, Seksjonsleiar Knarvik, morten.lonningen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4895460875
Stillingsprosent: 40, 50%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 02.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2810049
- Hentet fra
talentech
- Referanse
613d875a89f448c19ce335ddd93732ab