60% vikariat som barnehagelærar ved Skjolden oppvekstsenter
Det kan bli ledig inntil 60 % vikariat som barnehagelærar med tiltreding snarast og til og med 02.08.20. Dersom det ikkje er søkjarar med utdanning som barnehagelærar, vil det bli tilsett med dispensasjon frå utdanningskravet. Det kan då bli ledig vikariat som fagarbeidar/assistent.
Om bedriften
Skjolden oppvekstsenter ligg inst i Lustrafjorden med vakker utsikt til fjorden og mektig natur rundt seg. Oppvekstsenteret har felles leiar for både skule, sfo og barnehage. Det er eit nært samarbeid mellom skule og barnehage med mange spanande felles prosjekt/samlingar.