Utdanningsstillingar i spesialsjukepleie
Spesialutdanning, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Utdanningsstillingar i spesialsjukepleie
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 15. april
Har du motivasjon og interesse for å vidareutdanne deg som spesialsjukepleiar?
Då kan dette vere noko for deg! Vi ønsker søkarar som har eit sterkt fagleg engasjement og som ønsker å ta dette vidare i form av ei vidareutdanning.
Vi søker etter deg som er motivert for å utvikle spesialsjukepleiefaget og helsetenesta. Du kan stå i endring, er fleksibel, vil jobbe tverrprofesjonelt, og har gode kommunikasjonsevner. Du er også kunnskapssøkande og har interesse for teknologi og digitale løysningar, og planlegg ei framtid som spesialsjukepleiar i Helse Møre og Romsdal.
Vi tilbyr utdanningsstillingar i følgande studieretningar:
- Anestesisjukepleie (SNR Hjelset og Ålesund sjukehus)
- Intensivsjukepleie (SNR Hjelset, Ålesund sjukehus, Volda sjukehus)
- Operasjonsjukepleie (SNR Hjelset, Ålesund sjukehus, Volda sjukehus)
- Akuttsjukepleie (kun Ålesund sjukehus)
- jordmorfag (kun Ålesund sjukehus)
Primært gjeld tilbodet til sjukepleiarar som ikkje allereie er spesialsjukepleiarar.
Send inn søknad på utdanningsstilling inklusive vitnemål, tjenestebevis (datert 2025) og referansar innan 15. april 2025. Ansvarlege leiarar i dei ulike fagmiljøa avgjer kven som får tilbod om utdanningsstilling.
Dersom du får tilbod om utdanningsstilling i Helse Møre og Romsdal, mottek du stønad ut frå gjeldande retningsliner. Hugs å søke om opptak på aktuell studiestad innan gjeldande frist, og søk om tidleg opptak der mogleg. Helse Møre og Romsdal har avtale med NTNU om praksisstudiar for studentar innan disse studiane.
Vi håper å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Følgje studiestadens studieplan, og møte på all undervisning i teori og i praksisstudiar
- Arbeide minst 4 veker i løpet av sommaren etter første studieår
- Etter avslutta utdanningsløp får du bindingstid ved sjukehusa i føretaket, som hovudregel i tredelt turnus.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Tildelt studieplass på master i spesialsjukepleie
- Minst 2 år med relevant klinisk erfaring som sjukepleiar i 100% stilling ved oppstart av studiet
- Relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
- Oppgitt referansar frå minst to ulike arbeidsgjevarar/tilsetjingsforhold
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Utdanningsstillingane har tilbod om 90 % løn i 1,5 år av studietida (tre semester, 90 studiepoeng). Fjerde semester er ikkje lønna, men mastergraden (30sp) kan utførast på deltid etter avtale med næraste leiar.
- For master i jordmorfag er utdanninga 2 år (fire semester, 120 studiepoeng), 100% løn og 3 års bindingstid
- Tilbod om fast stilling som spesialsjukepleiar i HMR etter bindingstida
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Hugs å sende søknad til aktuell utdanningsinstitusjon innan studiestadens søknadsfrist. Det er mogeleg å søke om tidleg opptak ved utdanningsinstitusjonane (1. Mars) og Helse Møre og Romsdal oppmodar alle som søkjer utdanningsstilling om å nytte denne moglegheita.
Om du har søkt utdanningsstilling og fått tilbod om studieplass må du snarleg gi oss tilbakemelding via e-post til: Utdanningsstilling@helse-mr.no
Søknadsfristen for alle utdanningsstillingane i Helse Møre og Romsdal er 15.04.24.
Kontaktinformasjon
Eli Bente Langva, Avdelingsjef, kvinner, barnemedisin og habilitering Ålesund, 46 41 27 25, Eli.Bente.Langva@helse-mr.noBjørg Flø, Seksjonsleiar, Volda, 95 13 49 38, Bjorg.Flo@helse-mr.no
Elin K. Molvær Dybvik, Avdelingssjef, operasjon , intensiv og akutt Ålesund, 47 62 86 45, Elin.K.Molver.Dybvik@helse-mr.no
Trude Gudbrandsen Solenes, Kvalitetsrådgivar, Hjelset, 99 01 11 44, Trude.Gudbrandsen.Solenes@helse-mr.no
Guro Berge, Utdanningssjef, 90 51 31 95, guro.berge@helse-mr.no
Øyvind Eriksen, HR-rådgjevar, 70 10 68 96, Oyvind.Eriksen@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4921793617
Stillingsprosent: 100%
Utdanningsstilling
Startdato: 18.08.2025
Sluttdato: 21.12.2025
Søknadsfrist: 15.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Elin K. Molvær Dybvik
Avdelingssjef, operasjon , intensiv og akutt Ålesund
47 62 86 45
Eli Bente Langva
Avdelingsjef, kvinner, barnemedisin og habilitering Ålesund
46 41 27 25
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2868872
- Hentet fra
talentech
- Referanse
42fa71ed6b16469fb8c4438b5d4b8050